Hopp til innhold

Tillitsvalde: Krev at Andersen går av

Akademikernes samarbeidsutval meiner at administrerande direktør i Helse Midt, Trond Michael Andersen, ikkje er kompetent i jobben.

Trond Michael Andersen

Trond Michael Andersen kom frå jobben som Høgskulerektor i Sør-Trøndelag til ny administrerande direktør i Helse Midt i fjor.

Foto: Trond Vestre / NRK

Bernd Müller

Bernd Müller er medlem i Akademikernes samarbeidsutval. Han meiner at Helse Midt må få ein ny direktør.

Foto: Roar Strøm / NRK

Trond Michael Andersen kom frå jobben som høgskulerektor til administrerande direktør i august 2013. Medlemmane i Akademikernes samarbeidsutval, som består av tillitsvalde fra Legeforeninga, Psykologforeininga og andre akademiske forbund i Helse Midt, er ikkje nøgd med jobben han har gjort. Utvalet har sendt brev til Helsedepartementet der dei krev at Andersen går av.

– I over eitt år har vi sett at Helse Midt har levd med eit leiingsvakum. Direktøren tar ikkje tak i problem i eigen organisasjon eller i underliggande helseføretak, seier lege Bernd Müller.

Manglar tyngde

Marthe Styve Holte og Trond Michael Andersen

Marthe Styve Holte ynskte Trond Michael Andersen velkommen i jobben då han starta i august i fjor. I går trekte Styve Holte seg som styreleiar i helseføretaket.

Foto: Helse Midt

Müller er medlem av utvalet og foretakstillitsvald for overlegane i Helse Møre og Romsdal. Han seier at dei gjentekne gongar har prøvd å ta opp leiarproblemet på ulike måtar.

– Vi saknar ein direktør som kjenner fagfeltet og veit kvar han vil. No ser vi ein direktør som lar det skure og gå og som ikkje har innsikt, seier Müller.

Han meiner dette har ført til eit arbeidsmiljøproblem i administrasjonen i Helse Midt.

Gjekk på dagen

I går vart det kjend at styreleiar i Helse Midt, Marthe Styve Holte,trekte seg frå styret på dagen. Grunngjevinga var at ho som styreleiar opplever detaljstyring frå departementet og statsråden.

Müller hevdar at Styve Holte ikkje har ynskja å ta tak i leiingsproblemet.

– Den viktigaste oppgåva til ein styreleiar er å legge til rette for ein velfungerande administrasjon. Det har vi ikkje i dag, hevdar Müller.

Har lagt frå seg arbeidet

Marthe Styve Holte ønskjer ikkje å kommentere noko meir om sin avgang. Ho vil heller ikkje kommentere om det er konflikten mellom direktøren og dei tillistvalde som er grunnen.

– Eg har slutta i Helse Midt-Norge og vil difor ikkje kommentere noko som gjeld arbeidet der. Eg har lagt frå meg denne oppgåva og vil av prinsipp ikkje uttale meg om enkeltsaker som gjeld helseføretaket.

Dei tillitsvalde seier dei har tatt opp vanskar med leiarstilen til direktøren med deg gjentatte gongar. Har du ein kommentar til det?

– Nei, det har eg ikkje. Eg har slutta i Helse Midt-Norge. No er det dei som har ansvaret vidare som får kommentere eventuelle saker, ikkje eg.


Kjenner ikkje til brevet

Trond Michael Andersen seier til NRK at han ikkje kjenner til innhaldet i brevet. Han ynskjer førebels ikkje å kommentere saka.