NRK Meny
Normal

Er du ein av dei som framleis tenner bål?

I store delar av landet er det totalforbod mot å gjere opp eld utandørs. Men fleire har framleis ikkje fått med seg alvoret rundt brannforbodet.

Brannen på Sandsøya

Slik såg det ut på Sandsøya i Sande kommune laurdag kveld. Politiet opplyser søndag morgon at det ikkje er teikn til at brannen har blussa opp igjen. Men åtvarar igjen publikum om bruk av åpen eld utandørs.

Foto: Tor Sivertstøl / NRk

Storbrannen i Lærdal, på Frøya, i Flatanger og på Sandsøya sette ein støkk i mange av oss. I sistnemnde kan ein sigarettsneip frå ein bil vere årsaka. Vi har hatt mange store brannar i Noreg den siste tida, men likevel tar ikkje alle faren på alvor.

Fleire hus i Lærdal var tapt allereie klokka 00.50

Bilete er frå klokka 00.50 natt til søndag under brannen i Lærdal, og viser at det første huset som byrja brenne allereie er jamna med jorda. Det same er to nabohus, medan eit tredje (nærast kamera) er i ferd med å bli slukt av flammane.

Foto: Jan Erikstad
Brann Frøya

Under lyngbrannen på Frøya.

Foto: Joakim Halvorsen / NTB scanpix
Brannslokking Flatanger

Her frå brannslokking i Flatanger.

Foto: Ove Magne Ribsskog / Flatangernytt

Politi og brannvesen i Møre og Romsdal har rykt ut til minst seks bålbrenningar på to dagar. Dei meiner at no bør folk ha fått med seg bålforbodet.

Måndag kveld måtte politi og brannvesen rykkje ut til to bålbrenningar i fylket. Først tente ein mann bål på sørsida av Todalsfjorden i Sunndal. Like etter måtte brannvesenet rykkje ut til Isfjorden i Rauma der ein annan mann gjorde opp eld utandørs.

– Tar ikkje brannfaren på alvor

Kjetil Iversen ved 110-sentralen i Møre og Romsdal seier at båla vart sløkt raskt, men at begge kunne sjåast frå langt hold. Iversen meiner at det er svært uansvarleg å tenne bål no.

– Det er tankelaust å gjere opp eld når det framleis er så tørt ute. Forbodet har vore gjeldande lenge nok til at folk burde ha fått det med seg, seier Iversen.

Politiet åtvarar mot bruk av open flamme

Søndag melde politiet i Møre og Romsdal om fire tilfelle om bruk av eld utandørs. Første utrykking var til Langøya på Averøy på grunn av grasbrenning. Den vart sløkt fort, men like etter melde dei om ny grasbrenning i Gjemnes kommune.

Like etter klokka sju søndag kveld melde politiet at dei var på veg til ein ny grasbrann. Denne gongen midt i skogen på Sunndalsøra. Årsaka er ikkje kjent.

Men ikkje nok med det – brannvesen og politi måtte rykkje ut enda ein gong til bålbrenning. Ein mann på Grønneset i Molde brente avfall.

Siste melding søndag var om gravlykter med open flamme. Brannvesenet sløkte fleire på ein gravlund i Ålesund. Politiet åtvarar mot å tenne slike lykter på grunn av stor brannfare.

– Folk bør ha fått det med seg no

Styrkar Gagnat, operasjonsleiar i Nordmøre og Romsdal politidistrikt, opplyser at båla i Sunndal og Rauma ikkje var ute av kontroll. Men tørt vêr og mykje vind kan fort gjere faren større.

– Det er ein grunn til at vi har innført dette forbodet. Eg meiner at det er urovekkjande at folk framleis tenner bål etter at dette har vore presisert av både oss i politiet og i media, seier Gagnat.

Oppretta sak mot dei som bryt bålreglane

Han legg til at politiet følger opp bålforbodet. Viss dei kjem inn melding om bålbrenning rykkjer alltid politiet eller brannvesenet ut.

– Det vert oppretta sak mot dei som bryt reglane, seier operasjonsleiaren.

Også i dag måtte politiet rykke ut til bål sjølv om det er totalforbod. I helga er det Turistforeninga sin "Kom deg ut"-dag, og no ber brannsvesenet om at folk tek bålforbodet på alvor.
I helga er det Turistforeninga sin "Kom deg ut"-dag, og no ber brannsvesenet om at folk tek bålforbodet på alvor.