NRK Meny
Normal

Nøgd med beredskapen

Sande kommune er godt fornøgd med korleis beredskapen fungerte under den store lyng og grasbrannen på Sandsøya laurdag kveld.

Godt fornøgd med beredskapen i Sande

Både ordførar Dag Vaagen (H) og brannfolka er tilfreds med måten dei gjennomførte sløkkingsarbeidet på. Beredskapsplanen som vart brukt fungerte også som den skulle, og sjølv om det alltid er rom for små justeringar meiner Vaagen at det ikkje er grunnlag for dei store endringane etter erfaringane dei gjorde seg i helga.

Ordførar Dag Vaagen

Ordførar i Sande, Dag Vaagen (H).

Foto: Arne Flatin / NRK

Kommunen etablerte rask kriseleiing på rådhuset på Larsnes der ordføraren var saman med sine fagfolk. Dei organiserte aksjonen på ein god måte i følgje ordføraren. Ute på Sandsøya var blant andre Kjell Hauge i aksjon. Han arbeider som ingeniør i kommunen og var befalsansvarleg under brannsløkkinga ute på øya. Han meiner også at alt fungerte som det skulle.

Kjell Hauge, Sande brannvern

Kjell Hauge, hadde befalsansvaret under sløkkingsarbeidet på Sandsøya.

Foto: Arne Flatin / NRK

Gunstige verforhold

Lite vind og litt regn gjorde arbeidet enklare laurdagskveld. Dagen etter var det langt kraftigare vind i ei meir ugunstig retning, slik sett hadde dei hellet på si side då dei skulle sløkke brannen som strekte seg rundt ein kilometer i lengd langs fjellsida, heldigvis eit bra stykke unna dei næraste bygningane.

NRK har vore i kontakt med politiet i dag, men dei sender truleg ikkje folk til Sandsøya i dag. Etterforskinga har starta så vidt med å samle inn informasjon, og politiet har ingen hovudteori enno. Då NRK var på Sandsøya søndag var det fleire som meinte at den mest sannsynlege brannårsaka er at ein sigarettsneip kasta ut av ein bil har sett fyr på det knusktørre graset like ved vegen.

Sande brannvern
Foto: Arne Flatin / NRK