Hopp til innhold

Håper på utseld handballfest

Billettane minkar fort til dei tre internasjonale handballkveldane i Ulsteinhallen komande veke. I dag kjem dei norske handballjentene til Ulsteinvik, medan dugnadsgjengen i Hødd handball sveittar for å gjere klar hallen.

Stor handballdugnad i Hødd

Stor handballdugnad i Ulsteinhallen der Hødd har 120–150 frivillige i veka som kjem i samband med at handballjentene kjem til Ulsteinvik for å spele turnering som også er oppkøyring til OL. Foto/redigering: ARNE FLATIN

Neste veke er det klart for handballfest når ein rekke internasjonale handballkampar blir spelt i Ulsteinvik.

Jarl Martin Møller, Hødd handball

Jarl Martin Møller, leiar for Hødd handball.

Foto: Arne Flatin / NRK

Det er i år 70 år sidan det første gongen vart spelt handball i IL Hødd. Jarl Martin Møller er leiar for Hødd si handballgruppe. Han synest dette er den beste jubileumsgåva handballgruppa kunne fått.

– Interessa for billettane er veldig stor. 2100 billettar vert selde til kvar kveld det er handballkampar neste veke, seier han.

Møller trur det blir utselt alle desse tre kveldane.

– Det er selt ganske mange billettar frå i dag til i går, så eg både håpar og reknar med det, seier han.

Stort dugnadsarbeid

Møller er svært imponert over dugnadsinnsatsen i klubben. Over 120 frivillige, både store og små, er med for å hjelpe til.

Rudy Amundsen, Hødd handball

Rudy Amundsen er leiar for dugnadsgjengen til Hødd handball

Foto: Arne Flatin / NRK

– Det er mykje arbeid og dugnadsånd som ligg bak. Ein klubb som Hødd er avhengig at folk stiller opp, seier han.

Rudy Amundsen er leiar for dugnadsgjengen. Han seier logistikken har vore den største utfordringa.

– Det å samle folk på dagtid i feriemånaden juli er ikkje berre enkelt, seier han.

Tunge løft

Innsatsen er uansett upåklageleg. Hans Olav Vattøy var ein av dei som var på plass i Ulsteinhallen torsdag, frå tidleg morgon til seint på kveld.

Hans Olav Vattøy, Hødd handball

Hans Olav Vattøy er med i dugnadsgjengen

Foto: Arne Flatin / NRK

Det vart ein del tunge løft både på han og svogeren Harald Åsland Riise, men ikkje verre enn at dei skulle greie seg. Vattøy var likevel litt spent på korleis kroppen ville vere morgonen etter.

– Vi har vore her i nokre timar no så sveitten har byrja å drive. Men vi er ikkje ferdig enno, så verre vil det nok bli, seier han lattermild.

Ulsteinhallen er heilt ny, men først og fremst ein friidrettshall og ikkje ein handballhall.

Tribuneseksjonar er no sett opp på begge langsidene, og på den eine kortsida.

2100 stolsete er så plasserte oppå desse seksjonane. I tillegg er det rulla ut eit eige banedekke som er fritt for oppmerkingar til alle moglege idrettar. Dekket er difor "reint" og tilpassa internasjonale handballkampar.

Slik blir kampane spelt

Torsdag 21. juli:
Klokka 1715 Frankrike-Spania
Klokka 1930 Norge-Romania

Laurdag 23. juli:
Klokka 1715 Romania-Frankrike
Klokka 1930 Norge-Spania

Søndag 24. juli:
Klokka 1545 Spania-Romania
Klokka 1800 Norge-Frankrike