Hopp til innhold

Håper på ei løysing neste veke

Når hurtigruteskipet Fridtjof Nansen blir sjøsett frå Kleven Vert i Ulstein ein gong rundt årsskiftet, er framtida for verftet usikker. I 2020 må Kleven gjennom ei kraftig omstilling frå å byggje store oljefartøy og hurtigruteskip, til småbåtar, ombygging og reparasjonsarbeid. Administrerande direktør i Kleven, Kjetil Bollestad håpar på ei økonomisk løysing i neste veke og seier at dei har ein god dialog med bankane. Men han reknar likevel med at mange av dei rundt 200 tilsette må slutte.

Kjetil Bollestad
Foto: Privat

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL