Håper på dispensasjon for godstog forbi Mannen

Transportselskapet Cargolink taper opp mot ein million i veka på grunn av Mannen. Dei ynskjer ein dispensasjon for å køyre forbi det rasutsette området dersom det er trygt nok.

Stengt jarnbane gjennom Romsdalen

I snart tre veker har Raumabanen vore stengt på grunn av rasfare.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK
Karl Ivar Nilsen

Karl Ivar Nilsen i Cargolink seier at dei taper store summar kvar veke på at jarnbana er stengt gjennom Romsdalen.

Foto: Roar Strøm / NRK

Det er snart tre veker sidan Raumabanen vart stengt gjennom Romsdalen på grunn av det venta skredet i fjellpartiet ved Mannen. Transportselskapet Cargolink køyrer godstog på strekninga ein gong dagleg, tur retur. No må kundane deira i staden leige vogntog for å få varene sine levert.

Store tap

– Det er ein krevjande situasjon for oss. Det er jo å køyre tog vi lever av og no har vi store tap, seier Karl Ivar Nilsen. Han er administrerande direktør i Cargolink.

Tapet er rekna til å vere mellom 500.000 kroner og ein million kroner i veka.

Godstoget har same kapasitet som 25 vogntog. Før jarnbanen vart stengt, hadde transportselskapet fulle tog. Det betyr at no er det 50 fleire vogntog som køyrer gjennom Romsdalen kvar dag. No anar ikkje transportselskapet når dei får ta opp att drifta.

LES OGSÅ:

Fjellet sig jamt

Raumabanen CargoLink

Cargolink har køyrt godstog på Raumabanen sidan januar i år.

Foto: Leif Jonny Olestad

Sjølv om fjellet ser ut for å ha stabilisert seg, er det framleis store rørsler. Måndagens rapport viste at fjellet hadde flytta seg 2 centimeter i øvste del og litt over 2 millimeter i nedre del. Politiet held oppe vakthaldet og det er forbode å opphalde seg i området. Politimeister Arnstein Nilssen seier til NRK at dei forheld seg til risikovurderingane geologane gjer og det ikkje er noko som tyder på at det vert opna for godstrafikk med det første.

– Vi gjer fortløpande vurderingar. Det er klart at raset vil gå før eller seinare. Vi baserer oss på risikovurderingane vi får slik at ingen blir utsett for fare, seier Nilssen.

Håper på dispensasjon

Heller ikkje Cargolink ynskjer å ta nokon risiko. Dei håper at det går an å finne løysingar som gjer at dei får køyre dersom det er trygt.

– Vi håper på ein dispensasjon dersom fagfolka vurderer det som mogleg, men samstundes vil vi ikkje ta sjansar, seier Karl Ivar Nilsen.

Direkte: Bilder fra fjellet Mannen.
Det er ei stor utfordring for Rauma kommune å hjelpe dei elleve som er evakuerte i samband med Mannen-dramaet. Kommunen må finne nye og betre bustader - dersom det går lang tid før fjellpartiet rasar ut.

Siste video/lyd

Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.
Skoleelever slår til med annerledes julekalender. Det handler ikke om å få, men å gi til de som trenger det.