Hopp til innhold

Treng hjelp frå Heimevernet dersom skredet ikkje snart går

Dag inn og dag ut står politi og Sivilforsvaret på vakt for å sikre at folk ikkje tek seg inn i det rasfarlege området på Horgheim i Rauma. Dersom det tar vekevis før skredet kjem, må politimeisteren be om hjelp frå Heimevernet.

Politi

Det varsla skredet ved fjellet Mannen kan dra ut i tid. For politi og Sivilforsvar er det krevjande å halde vakt heile døgnet.

Foto: Sara Lovise Roaldset / NRK

Politimester i Nordmøre og Romsdal politidistrikt Arnstein Nilssen ved Mannen i Rauma

Politimeister i Nordmøre og Romsdal, Arnstein Nilssen, var ved fjellet Mannen førre veke.

Foto: Lena Høyberg / NRK

For fire veker sidan slo geologar frå Åknes Tafjord beredskapssenter alarm om at rørslene i eit fjellparti i fjellet Mannen auka faretrugande. Raumabanen vart seinare stengt forbi Romsdalen og dei som bur i området vart evakuerte. Den siste veka har politi og Sivilforsvaret halde vakt i det rasfarlege området. Geologane veit at skredet kjem, men ikkje når.

Må be Heimevernet om hjelp

Politimeister Arnstein Nilssen seier det er utfordrande å ha vakthald heile døgnet.

– Til lengre tid som går, dess meir krevjande er det. Vi må forsøke å dimensjonere dette etter behov, slik at vi ikkje brukar opp det mannskapet vi har, seier Nilssen.

Dersom det varsla skredet dreg ut i tid, vil politimeisteren be Heimevernet om bistand.

LES OGSÅ:

Sikre liv og helse

Politiet får fortløpande vurderingar frå geologane som måler rørslene i fjellet. Etter fleire dagar med jamn fart i rørslene, auka farta i helga auka på grunn av nedbør. I dag klokka 14 viste målingane at det er eit jamt sig i fjellet.

– Sjølv om det har vore rolegare i fjellet, kan dette fort endre seg når vêret skiftar, seier Nilssen.

Vurderer vassbombing

Politiet og Rauma kommune har bede NVE å vurdere om skredet kan løysast ut gjennom vassbombing. Det vil seie å bruke eit brannhelikopter som spyler vatn i fjellet. NVE har uttalt til NRK at dette ikkje er noko lettvint løysing og at ein må bruke tid på å vurdere konsekvensane. Enn så lenge er det ikkje aktuelt verken å opne Raumabanen for godstrafikk eller la dei evakuerte flytte tilbake.

– Vi baserer oss på risikovurderingane vi får, slik at ingen vert utsett for fare, seier Nilssen.

Ventar på signal

Heimevernet har hatt beredskapsplanane klare sidan geologane varsla om at rørslene i fjellet auka. Rauma HV-område vart gjenoppretta i haust og no ventar dei berre på å få beskjed frå politimeisteren.

– Varslingslista vår var ferdig for fire veker sidan. Vi er klare når vi får beskjed om at det er behov for vår hjelp, seier presseoffiser for HV11, Erik Hattrem.

Direkte: Bilder fra fjellet Mannen.
Det er ei stor utfordring for Rauma kommune å hjelpe dei elleve som er evakuerte i samband med Mannen-dramaet. Kommunen må finne nye og betre bustader - dersom det går lang tid før fjellpartiet rasar ut.
Næringslivet og reiselivet i Rauma seier rett ut at all ventinga på Mannen er god reklame. Reiselivsnæringa trur dei vil oppleve endå meir interesse frå turistar etter all medieomtalen den siste veka