Hopp til innhold

– Mange grur seg til å køyre denne strekninga

Transporstarbeiderforbundet er skuffa over at regjeringa ikke kjem med pengar til utbetring av E 39 mellom Betna og Stormyra i Halsa.

E39 Halsa–Stormyra

Frå ei tidlegare ulykke på strekninga Halsa-Stormyr. Transportarbeidarforbundet meiner vegen er for dårleg.

Foto: Patrik Leif Ejenstam

Jonny Sletvold i forbundet er oppgitt over standarden på denne strekninga.

Ola Rognskog

– Planane er klare men pengane manglar, seier Halsa-ordførar Ola Rognskog.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Det er trangt og det er smalt, og det er rett og slett ein dårleg veg. Det burde bli prioritert å bli gjort noko med, seier Sletvold.

Tidlgare har ordførar Ola Rognskog uttalt at også han synest det er trist at det ikkje er løyvd pengar til denne vegstrekninga. Han viser til at planane er klare.

– Mange av våre medlemmar grur seg til å køyre denne vegen. Det verkar nesten som politikarane skal presse trafikken unna denne vegen. Men da blir turane lenger, og kvar er miljøaspektet då, spør Sletvold.