Hopp til innhold

To personar hardt skadde i trafikkulukke i Halsa

Ein tankbil og to personbilar har kollidert. E39 vil bli stengt i fleire timar.

TRAFIKKULUKKE: Halsa ligg på grensa mellom Trøndelag og Møre og Romsdal.

Det er snakk om ei møteulukke. Tankbilen kolliderte med begge personbilane etter at den hamna over i motsett køyrefelt.

Seks personar er involverte i ulukka. To av dei skal vere hardt skadde, fortel operasjonsleiar Trond Volden i Trøndelag politidistrikt til NRK.

Frakta til St. Olav med luftambulanse

Ingen av dei skal vere livstrugande skadd, ifølge politiet.

Den eine personen vart sendt til St. Olavs hospital med luftambulanse.

Ulukka skal ha skjedd mellom Liabøen og ferjeleiet på Halsa i Heim kommune.

Vegen vil vere stengt i fleire timar

– Vi prioriterer redningsarbeid no. Ulukkesårsaka er ukjent, sa Volden like etter klokka 09.

Politiet fekk melding om ulukka kl. 08.10.

E39 er stengt mellom Betna og Liabøen. Vegen vil vere stengt i fleire timar.

Vegtrafikksentralen organiserer omkøyring, melder politiet i Trøndelag på Twitter.