Fakta
LYD OG VIDEO
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
- Gudsteneste om incest Jorid Kamsvåg og Odd Bondevik
- Romsdal
Overgrepet og trua
Jorid Kamsvåg. Foto: Gunnar Sandvik
- Mange overgrepsoffer har fått barnetrua si knust, seier Jorid Kamsvåg, dagleg leiar i Senter mot incest i Møre og Romsdal. - Dei spør seg ofte: Dersom Gud passar på alle barn, kvifor passar han ikkje på meg? Mange kjenner seg ikkje verdige til å oppsøkje kyrkja, og kyrkja har heller ikkje vore særleg flink til å ta imot dei som har vore offer for overgrep.
Biskopen: - Vi må våge!
- Dette måtte eg vere med på, seier Odd Bondevik. - Kyrkja må våge å snakke ope om seksuelle overgrep, våge å setje ord på den smerta offera kjenner.
Liturgi
I gudstenesta var det liturgiske innslag, musikk og tenning av lys - noko som kan gje folk håp. Kyrkja skal vere ein god stad å komme til i vanskelege situasjonar. Vi har ord i liturgiane våre som har vist seg slitesterke, seier biskop Odd Bondevik.