Hopp til innhold

Forstår ikkje kvifor fødande må flytte til eit nedslite og gamalt sjukehus

Fødande frå Nordmøre må dra til Molde for å føde. – Uforståeleg når det nærast bles rett gjennom vindauga der, seier gravide Anette Husteli.

Anette Husteli

SKUFFA: Anette Husteli skal bli mamma for 2. gong. Ho er skuffa over at fødande frå Nordmøre må reise til Molde sjukehus.

Foto: privat

Sinna er i kok på Nordmøre etter at det blei bestemt at fødande må reise til Molde dei neste åtte månadane.

– Det er så rart at når dei først skal slå saman to fødeavdelingar så vel dei Molde, som er det mest slitne sjukehuset, seier Anette Husteli.

Ho ventar sitt andre barn i juni, og ser ikkje fram til å dra til nabobyen for å føde. Ho er skuffa over at lovnaden om å få behalde fødeavdelinga i Kristiansund fram til nytt sjukehus står klart, ikkje blir halde.

Helseføretaket meiner det ikkje er forsvarleg å halde fødeavdelinga i Kristiansund open, fordi dei manglar fagfolk. Den siste tida har dei to fødeavdelingane veksla på å halde ope to veker i gongen.

Molde sjukehus

GAMALT: Molde sjukehus blei bygd i 1960. Gravide på Nordmøre er kritiske til at dei må reise til Molde for å føde.

Foto: Remi Sagen / NRK

Gamalt og trongt

Husteli forstår at mangel på jordmødrer og gynekologar kan vere eit problem, men trur det hadde vore betre om alle fødande i staden blei sendt til sjukehuset i Kristiansund. Der er det også barneavdeling.

Ho kjenner fleire som har fødd i Molde og dei reagerer på at det både er trongt og gamalt. Til tider må også folk ligge på gangen.

– Eg høyrer at ein omtrent ikkje kan stå ved vindauga fordi det bles rett gjennom dei, seier Husteli. Lundavang sjukehus i Molde vart bygt på 1960-talet.

Anette Husteli

RART: – Det er så rart at når dei først skal slå saman to fødeavdelingar så vel dei Molde, som er det mest slitne sjukehuset, seier Anette Husteli.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Vil ikkje pendle

Stortinget vedtok at fødetilbodet i Kristiansund ikkje skulle leggast ned før det nye fellessjukehuset står klart.

Avdelingssjef og gynekolog Øyvind Nytun seier at helseføretaket ikkje hadde anna val enn samle fødeavdelingane no.

– Vi manglar fagfolk, vi slit ut dei vi har, det er ein omfattande vikarbruk. Vi er heilt avhengige av å samle fødetilbodet på ein plass. I Molde har vi best tilgang på jordmødrer og gynekologar, seier Nytun.

Gynekolog og mellombels avdelingsleiar for fødeavdelinga i Nordmøre og Romsdal, Øyvind Eiksund Nytun

HAR IKKJE NOKO VAL: Avdelingssjef og gynekolog Øyvind Nytun meiner at helseføretaket ikkje har anna val enn å samle dei to fødeavdelingane.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Han er samd i bygninga i Kristiansund er betre, men det hjelp lite utan fagfolka som trengst.

Kva er problemet med å la fagfolka pendle til Kristiansund?

– Utfordringa vår er at ingen ynskjer å pendle, seier Nytun.

Dei vil no sjå om det er mogleg å disponere fleire rom til dei fødande på sjukehuset i Molde.

Lang reiseveg

Gravide Ingrid Tynes bur på Smøla og får endå lengre reiseveg til fødeavdelinga enn planlagt no når ho må til Molde.

Ingrid Tynes

REDD: Ingrid Tynes på Smøla er redd for at ho ikkje skal nå fram til fødeavdelinga i tide.

Foto: privat

Reisevegen inneber både bil og ambulansebåt og ho fryktar at ho ikkje skal nå fram i tide. Då ho fekk sitt første barn gjekk fødselen fort.

– Tida du skal bruke til å glede deg, blir prega av uro, seier Tynes. Ho meiner helseføretaket har gjort ein altfor dårleg jobb med å rekruttere helsepersonell.

Bunadsgeriljaen har kjempa for å behalde fødetilbodet i Kristiansund. Styreleiar Sindre Kulø seier at folk er sinte og sjokkerte.

– Mange får ein uakseptabel lang reiseveg, seier Kulø.

Han meiner helseføretaket sjølv er skuld i situasjonen. Han meiner dei har kome altfor seint i gang med rekrutteringa. I tillegg betyr vaktordninga som er innført at dei treng langt fleire folk enn andre stader i landet.

Sindre Kulø i Bundadsgeriljaen

SJOKKERTE: Sindre Kulø i Bundadsgeriljaen seier at folk på Nordmøre er sinte og sjokkerte.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Øyvind Bakke, er samd i at dei ikkje har gjort ein god nok jobb historisk med tanke på rekruttering.

Han meiner likevel at dei i løpet av det siste året har gjort ein betydeleg jobb ved å prøve å få fleire gynekologar. Dei har henta folk frå inn- og utland og høyrt med andre sjukehus. Dei skal også ha fått hjelp av eit rekrutteringsbyrå.

– Vi har ikkje lykkast. Vi har rekruttert éin gynekolog som jobbar halvparten av tida i Kristiansund og halvparten i Molde, seier Bakke.

Sykehusdirektør Øyvind Bakke i Helse Mør og Romsdal.

IKKJE GODT NOK: administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Øyvind Bakke seier at de ikkje har rekruttert godt nok i løpet av de siste årene.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Direkte i strid med Stortinget

Stortingspolitikar Bjørnar Moxnes (Raudt) krev svar frå helseministeren for korleis han kan tillate dette.

– Dette er direkte i strid med Stortinget sitt vedtak om å behalde fødeavdelinga heilt fram til eit nytt sjukehus står klart, seier Moxnes.

Bjørnar Moxnes snakker om sitt alternative budsjett

IKKJE GREITT: Bjørnar Moxnes (Raudt) meiner samanslåinga er i strid med vedtaket i Stortinget.

Foto: Cicilie Andersen / NRK

Også fylkesordførar i Møre og Romsdal, Tove Lise Torve (Ap) krev at fødetilbodet i Kristiansund vert behalde til det nye fellessjukehuset på Hjelset står klart.

Ordførarane i Kristiansund, Averøy, Aure, Gjemnes, Smøla, Sunndal, Surnadal og Tingvoll signerte i dag under på eit brev som krev at Stortinget følgjer opp vedtaket dei gjorde i fjor, og at det er Statsråden sitt ansvar.

Helseføretaket sitt ansvar

Men helseminister Bent Høie (H) seier at det er det lokale helseføretaket sitt ansvar.

– Som eg sa frå Stortingets talarstol, så kan ikkje Stortinget oppheve den lokale leiinga i et helseføretak sitt ansvar for at helsetilbodet skal vere forsvarleg, seier Høie.

Han seier at han ikkje har sett brevet enda, men at han vil svare ordførarane i løpet av kort tid.

– Eg har bedt Helse Midt-Norge om ein utgreiing for bakgrunnen for vedtaket.

Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H)

LOKALT ANSVAR: Helseminister Bent Høie (H) seier det er det lokale helseføretaket sitt ansvar.

Foto: Ørn E. Borgen / NTB

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL