Hopp til innhold

Skrekkhistorier skremmer gravide

Skrekkhistorier og feilinformasjon på nettet er eit aukande problem for gravide. Helsedirektoratet har no oppretta ei nettside med kvalitetssikra informasjon om svangerskap og fødsel.

Informasjonsjungel (illustrasjon)

Gravide får stadig meir informasjon på nettet, mykje av det er useriøst, meiner Helsedirektoratet.

Foto: Frieda Wik / NRK

Jordmor Mette Drageset ved Skarbøvik helsestasjon i Ålesund seier all informasjonen på Internett fører til at gravide uroar seg unødig.

Helsedirektoratet si nye nettside skal vere ei motvekt til meir eller mindre useriøse informasjonssider og forum for gravide.

Skrekkhistorier

Drageset seier 99 prosent av dei gravide som kjem til henne, har søkt informasjon om graviditeten på nettet. Mange blir skremde av diverse skrekkhistorier.

Helsedirektoratet si nye nettside.

Helsedirektoratet håper den nye nettsida vil bidra til at gravide får kvalifisert informasjon på nettet. www.helsedirektoratet.no/gravid

Foto: Illustrasjon

– Det florerer av historier på nettet. Skrekkeksempel på kor gale det kan gå ved fødselen. Men ein kan ikkje førebu seg på komplikasjonar. Det går ikkje. Då låser det seg heilt. Ein må førebu seg på den normale fødselen, seier jordmor Mette Drageset.

Veit for mykje

Charlotte Strand skal bli mamma for tredje gang. Første fødselen var for 13 år sidan, og nummer to kom for 7 år sidan. Ho seier mykje har endra seg desse åra.

På besøk hos jordmor.

Jordmor Mette Drageset, 7 år gamle storesøster Julie Thorvaldsen, og mamma Charlotte Strand.

Foto: Kaia Eriksen / NRK

– Sist spurte eg berre mora mi. Dei hadde i alle fall ikkje internett når ho fekk born. Då fekk eg vite berre elementære ting, som at eg skulle halde meg unna kattar. Ellers var det ikkje så mykje, seier Strand.

Ho trur gravide i dag er mykje meir uroa enn dei var for 15 år sidan.

– Vi deler for mykje av det negative. Eg høyrer mest om dei gongane det ikkje gjekk bra, og kva som er skadeleg. Vi blir meir uroa, dess meir vi veit, seier Strand.

Les også:

På topp i bruk av naturpreparat

Men det er ikkje berre skrekkhistorier, og velmeinande råd frå likesinna som er problematiske for gravide på nettet.

Mange brukar også informasjonskanalen til å selje produkt til gravide.

Norske gravide ligger på verdstoppen i å bruke naturpreparat, trass i at WHO og Helsedirektoratet frarår dette.

Professor og overlege på Kvinneklinikken ved Haukeland universitetssykehus, Ole Erik Iversen, åtvarar mot useriøse aktørar og feilinformasjon på nettet.

– Det eine er dei idealistiske som meiner å vite kva som er best for gravide. Det andre er dei kommersielle aktørane som ser dei gravide som ei særleg sårbar, men pengesterk gruppe, seier han.

Farlig

Gode råd.

På helsestasjonen får gravide gode råd etter at dei er blitt skremde av informasjon på nettet, fortel jordmor Mette Drageset i Ålesund.

Foto: Kaia Eriksen / NRK

Professoren meiner det er vanskeleg å orientere seg i jungelen av informasjon og tilbod.

– Der er eit villniss, og det er dårlig karakterisert. Noko av det som blir selt er direkte farleg, sier Iversen.

I Ålesund råder jordmor Mette Drageset gravide til å ta kontakt med henne om det er noko dei lurer på.

Hun må roe ned mange redde kvinner.

– Det er nok mange som blir feilinformert og skremt. Då kjem dei og spør meg om dette er tilfelle, og så kan vi snakke om det, seier jordmora.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL