Hopp til innhold

Hundrevis av gratulasjonar til Nikka (100)

NORDDAL PÅ SUNNMØRE (NRK): Nikka Myren Grønning har fått hundrevis av gratulasjonar fredag ettermiddag. Den livsglade dama har sjarmert heile Noreg med bakekunsten og humøret sitt og rundar 100 i dag.

I dag fyller hele Norges Nikka 100 år.

Nikka har sin faste plass ved kjøkkenbenken, og der har ho laga mykje god mat til 100-årsdagen som ho feirar laurdag.

Gratulantane står i kø fredag ettermiddag, og 800 menneske frå fjern og nær har no sendt gratulasjonar til den spreke 100-åringen via NRK Møre og Romsdal sine Facebooksider.

Alle som ein er positive og hyllande.

– Hurra med dajen til verdas flottaste Nikka! Ho må inn på verdarvlista! skriv ei.

– Nikka, du er eit unikum og eit flott forbilde for både gamal og ung, skriv ei anna.

- Skal helse deg frå Mary Lyng i Bodø og ønskje deg til lykke med dagen, eg har høyrt mykje om deg, skriv ei tredje.

Smilefjesa, blomar og heidersteikn florerer.

Har baka i lang tid

I fleire veker har miksaren dura og kjelva trilla att og fram i Myra i Valldal. Når Nikoline, Nikka, Myren Grønning fyller 100 går det ikkje tilfeldig føre seg.

– Med god hjelp har eg fått steikt både rosettbakelse og hundreårs-lefser. Masse andre kaker og gode saker skal det også bli. Så no er vi klare for feiringa, kvitrar jubilanten frå den faste kråa ved kjøkkenbenken.

Eldre dame held opp og viser ei lefse ho har baka

Nikka har baka det ho kallar 'Hundreårslefsene mine'. Dei skal serverast under feiringa i morgon.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Den arbeidsglade, slagferdige vesle dama som elskar å bake, og som er så ekte og seg sjølv i alle situasjonar, imponerer også når ho rundar ein milepæl som 100 år.

Læremeisteren

Dagen i dag tek Nikka meir med ro, for det er altså laurdag det heile skal skje. Då inviterer Nikka og familien bygdefolk og vener til storfest på Alstad. 100-årsfeiringa er planlagt i lang tid.

Nysteikte rosett-bakelse på eit brett

Nikka er spesialist på å bake rosett-bakkelse.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– Vi skal halde til i det som var gamle-fjøsen til besteforeldra mine, og som no er selskapslokale for Juvet landskapshotell, røper Nikka, og snur med øvd hand nok ei rosett-rose i den kokheite smultgrya.

Med seg ved kjøkkenbenken har ho naboen, Nina Otterlei. Heller ikkje når feiringa av 100-årsdagen blir førebudd, nøler Nikka med å lære opp den yngre garde i bakekunsten.

– Dette har eg gledd meg til i over eitt år, og eg kjenner meg rik som får lære av ei så fantastisk dame som Nikka, seier Nina med steikejarnet i handa.

Synet til Nikka har blitt sterkt svekka siste året, og difor er det ekstra kjekt å kunne bake meir saman med andre no.

To kvinner steiker rosettbakelse til jul

Nina Otterlei fekk lære å bake rosettbakelse av Nikka under førebuingane til 100-års markeringa.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Frå ho var 70 til 85 lærte Nikka frå seg kunsten å bake lefse og flatbrød til mellom 2500 og 3000 skuleelevar og vaksne i heimbygda.

Framleis inspirerer ho og gir håp til yngre om at alderdom også kan vere ein rikdom å ause av.

Storfest i kortreist bunad

100-åringen imponerer og overraskar framleis. Når ho inviterer inn til storfeiring i morgon, stiller ho i Norddals-bunaden sin. Meir lokal og kortreist enn bunaden til Nikka, finst knapt.

Ho har laga den sjølv frå A til Å! Det skjedde under krigen då det skorta på det meste, også tøy til å lage klede av.

Eldre kvinneheld ein banad i fanger, Nikka

Bunaden laga Nikka for over 70 år sidan.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– Vi var tre veninner som gjekk i gang; klipte sauer, fekk eit spinneri til å lage garnet, sette oss i vevstolen og fekk vove stoffet. Så sende vi det til han Fargar- Iver bort i Norddalen og fekk det farga svart, minnes ho, og ler med sin trillande latter.

Deretter gjekk stoffet til Husfliden i Ålesund som teikna på mønsteret, og så sette ho seg til å brodere med dei finaste stinga.

– Sjå fôret i vesten du! Det er laga av kveitemjølsekkar. Ser du kor fint det held seg, smiler ho.

Nærbilde av innsida på bunadsvest laga av mjølsekkar

Mjølsekken Nikka brukte som fôr i bunadsvesten for 75 år sidan, held seg like fin enno.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Livslyst og arbeidslyst

Nikka seier ho er takksam for alderen ho har nådd.

– Det er stort. Tenk å få bu heime, ha born, barneborn og oldeborn rundt seg. Ha mange vener og klare kvardagen stort sett sjølv. Det er som ein draum.

100-åringen slår fast at ho er glad i livet, og at det er kjekt å kunne bake og lage syltafelsk til jul. Det den smakfulle flatebakelse som har gjort henne særleg kjend i vide krinsar både i heimbygda og ut i verda.

Nikka Myren Grønning møter Hairy Bikers

Eit av mange gode minner for Nikka var då BBC-kokkane The Hairy Bikers frå England besøkte henne i Myra. Ho bergtok begge motorsykkel-kokkane!

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

For få år sidan sjarmerte ho til og med motorsykkel-kokkane til BBC, då ho demonstrerte korleis denne runde, sprø og gylne baksten blir til.

– Hehe, ja det var no veldig artig. I love you, hugsar eg enno, kniser Nikka til minnet om då ho tok farvel med dei to langhåra motorsyklistane frå England.

I morgon får alle sjanse til å seie det same til henne; we love you, Nikka!

Norsk dokumentar. Livsglede og virkelyst kjenner ingen alder. 96 år gamle Nikka Myren Grønning i Valldalen elskar livet og fyller dagane med mange ulike gjeremål. Nikka drøymer om å leve til ho blir 110 år.

Sjå "Leve livet - heile livet" programmet om Nikoline, Nikka, Myren Grønning.

Suldal kommune, med daværende ordfører Torkel Myklebust, kom med høyeste budet på programlederjobben i Norge Rundt under TV-aksjonen i 2014. Sammen med programleder Ken Willy Wilhelmsen får han nå presentere kommunen sin - en kommune der vann er viktig.

Nikka kan det meste, her ser du Norge rundt-innslaget om safting og sylting.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL