Hopp til innhold

– Det er fantastiske forhold i fjella

Fleire av skianlegga i fylket melder om kanonforhold i skibakkane i romjula. Det er venta godt skiføre også nyttårshelga.

Strandafjellet skisenter

FINE FORHOLD: Fleire av skianlegga i fylket melder om fantastiske forhold i skibakkane i romjula. Her frå Strandafjellet skisenter på Stranda.

Foto: Sjur Ringstad

Dei siste dagane har bydd på godt vær og mykje snø. Gode skiforhold trekkjer både store og små til bakkane. Overøye i Stordal er blant dei som merkar større pågang i romjula.

Frode Færøy

BESTE PÅ 10 ÅR: Frode Færøy, marknadssjef ved Arena Overøye, melder at dette er den beste ski-jula på 10 år ved anlegget.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Masse snø, masse folk og fint vêr. Det er 10 år sidan vi hadde det slik som dette her, seier Frode Færøy, marknadssjef i Arena Overøye.

– Det går fenomenalt bra

Meldingar om herleg skiføre kjem også frå fleire andre skianlegg i fylket.

– Det går så fenomenalt bra! Det er så fine forhold, såpass brukbart besøk, spesielt av heimvende på juleferie og hyttefolk som har oppdaga det fine anlegget vi har her, seier Dag Skei, dagleg leiar i Surnadal Alpinsenter.

Han ventar gode forhold også laurdagen og seier temperaturen ligg på ei 8–10 minusgrader. Skei håper fleire tek turen i morgon.

Surnadal Aplinsenter AS

FENOMENALT: Dagleg leiar ved Surnadal Alpinsenter, Dag Skei, melder at det går fenomenalt bra ved skianlegget om dagen.

Foto: Dag Skei

– Vi får så gale skryt av veldig nøgde kundar. Det er skikkeleg artig å drive skianlegg når forholda er slik som no, seier Skei.

Gode meldingar til helga

Også ved Strandafjellet skisenter og Ørsta skisenter forventar dei full rulle i helga.

Sjur Ringstad bak spakene i tråkkemaskinen på Strandafjellet

BESØK: Sjur Ringstad, assisterande driftsleiar ved Strandafjellet skisenter, ventar seg storinnrykk ved skianlegget på Stranda nyttårshelga.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Forholda har vore veldig bra dei siste tre, fire dagane. Til helga er det gode meldingar, einaste litt overskya, men vi ventar oss bra med besøk vidare, seier Sjur Ringstad, assisterande driftsleiar ved Strandafjellet skisenter.

Meteorolog Aslaug Skålevik Valved kan bekrefte at dei gode forholda vil halde i helga.

– Det som kjem av nedbør framover vil kome som snø i indre og høgareliggande strøk. Skisentera går med andre ord klar med tanke på plussgrader, seier Skålevik Valved.

Det vil bli litt vind nyttårshelga, sørleg liten kuling utsette stadar. Elles er det venta for det meste skya opphaldsvêr.

God sole i traseane

Ørsta skisenter

GOD SOLE: Alle traseane ved Ørsta skisenter er opne med unntak av Nottane. Dagleg leiar Frank Velle melder om god sole i alle traseane.

Foto: Frank Velle

Trass i godt besøk ved Ørsta skisenter i romjula, kan dagleg leiar Frank Velle melde at dei kan ta i mot mange fleire utan at det skal bli problem med køar. Han reknar med gode dagar i helga og seier det har kome eit lite dryss snø fredag kveld.

– Det er fantastiske forhold i fjella og det er svært god sole i alle traseane. Snøfallet i kveld gjer solen berre enda betre, seier Velle.

Frank Velle

DRYSS SNØ: Dagleg leiar ved Ørsta skisenter, Frank Velle, seier at eit ekstra dryss snø fredag kveld gjer solane i traseane på skianlegget enda betre.

Foto: Privat

Alle traseane med unntak av Nottane er opne ved Ørsta skisenter. Velle melder også om gode skiløyper for dei som er interesserte i å gå langrenn.

Nyt gode skiforhold

Tilbake på skianlegget på Overøye, er Aksel og Albert Røst to av fleire som har nytt godt av gode skiforhold ved anlegget.

Kvifor er det kjekt å hoppe?

– Fordi då kan vi gjere mange triks og sånn, seier Aksel Røst.

– Eg likar best å køyre rett ned fordi det er skikkeleg gøy og du får vind i fjeset, seier Albert Røst.

Albert og Aksel Røst

VIND I FJESET: Albert og Aksel Røst kosar seg ved skianlegget på Overøye.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK