Hopp til innhold

– Enorm effekt av fotballsponsinga

Sparebanken Møre sponsar både serievinnar Molde, cupfinalelaget Aalesund og suksessrike Hødd. Sponsorforskar meiner banken får for billig reklame.

Olav Arne Fiskerstrand

Banksjef i Sparebanken Møre tek meir enn gjerne på seg skjerfa til både Aalesund, Molde og Hødd.

Foto: Ina-Kristin Lindin / NRK

Det har alt vorte seriegull på Sparebanken Møre. Dei er generalsponsor for Molde fotballklubb. Komande søndag kan det bli endå meir. Då prydar banklogoen brystet til Aalesund-spelarane når dei kanskje hevar Kongepokalen over hovuda sine på Ullevaal.

Gullfest i Molde

I Molde er det full gullfest. Seriegullet blei sikra sist søndag.

Foto: Roar Strøm / NRK

Og det stoppar ikkje der. I fjor haust rykte Hødd opp att i førstedivisjon. I deler av sesongen var dei heilt oppe og snusa på dei øvste plassane på tabellen. Også Hødd har lagt bak seg ein suksessfylt sesong.

– Eg heiar både på Molde, Aalesund, Langevåg og alle dei andre laga vi har i distriktet vårt, seier banksjef i Sparebanken Møre, Olav Arne Fiskerstrand.

CUPFINALEN 2009

Sparebanken Møre sing logo var godt synleg sist Aalesund var i Cupfinalen (2009).

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / Scanpix

– Kva betyr det for dykk som hovudsponsor at desse laga gjer det så bra?

– Det er veldig gledeleg for oss at laga våre gjer det godt. Vi er glade når alle vi støttar i lokalsamfunna gjer det godt. Dette gjeld ikkje berre innan idretten, men også i næringslivet, seier Fiskerstrand.

Hans Mathias Thjømøe forskar på sponsing. Han er ikkje i tvil om at banken tener gode pengar på sponsorverksemda. Han meiner at sponsing er undervurdert og at sponsing er for billeg.

Hans Mathias Thjømøe

Hans Mathias Thjømøe er førsteamanuensis ved Markedshøgskolen i Oslo.

Foto: NRK

Sponsing som verkemiddel er undervurdert i forhold til den effekten ein får att. Eg veit ikkje kor mykje pengar denne banken har lagt på bordet, men eg er sikker på at dette løner seg for banken. Som regel er sponsing alt for billeg, sedier førsteamanuensis ved Markedshøgskolen i Oslo, Hans Mathias Thjømøe.

Thjømøe trur at Sparebanken Møre har verkeleg stor effekt av sponsorverksemda si i år. For dei sportslege resultata til Molde, Aalesund og Hødd gjev banken mykje merksemd.

Når laga har oppnådd slike resultat som i år, blir banken truleg eksponert dobbelt så mykje som det dei har lagt opp til. Det er heilt klart at sponsinga er svært god butikk for banken, seier Thjømøe.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL