Hopp til innhold

Gjorde butikk av møkkajobb

Store mengder møkk frå gardar og fellesfjøs har blitt eit mareritt for mange bønder. No har nokon gjort butikk av å hjelpe bøndene.

Store mengder møkk frå gardar og fellesfjøs har blitt eit mareritt for mange bønder. For arbeidet med å kvitte seg med den illeluktande massen kan vere både tidkrevjande og hardt. Men no har nokon gjort butikk av å hjelpe bøndene.

Møkkabil i Molde

Ekteparet Wenche Horsgård og Per Martin Hordgård får førespurnader om møkkatømming fleire stader i landet.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK
Wenche Horsgård, Per Martin Horsgård, Alf Kåre Mittet

F.v.: Wenche Horsgård, Per Martin Horsgård, Alf Kåre Mittet følgjer med møkkajobben.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Arbeidet med å kvitte seg med den illeluktande massen kan vere både tidkrevjande og hardt. No har ein god ide blitt ei ny næring som løyser problemet. Med moderne tankbil vert møkka køyrt både hit og dit.

Møkk frå omtrent 250 dyr kan lett bli eit mareritt. Det har dei tidlegare tømmerkøyrarane frå Nesjestranda i Molde funne løysinga på.

– Eg har ofte køyrt forbi desse møkkakommane men aldri tenkt over kor mykje arbeid det er for ei traktor å tømme slike mengder møkk, seier tankbilsjåfør Per Martin Horsgård.

Blir etterspurt andre stader i landet

Tankbilsjåførane starta med dette som eit prøveprosjekt for to år sidan. Då brukte dei spesialutstyr frå Danmark. Horsgård arbeider først og fremst i Møre og Romsdal, men han har òg fått telefonar frå heilt andre stader i landet.

– Eg har blitt ringt opp frå Larvik, fortel sjåføren.

Bonden Alf Kåre Mittet syns denne ideen er knallbra.

– Det er ein fryd at dei kan gjere dette arbeidet for meg, seier Mittet.

Møkkakomme i Molde

I ein slik komme så minkar det med berre fem centimeter etter at tankbilen er full. I denne kommen går det fire meter ned før ein når botn.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK