Møtet hadde knapt starta. Stolane var sett fram og dagleg leiar i Zephyr, Olav Rommetveit, var i ferd med å gjere seg klar til å orientere. På veg inn i salen gjekk vindkraftmotstandar Birgit Oline Kjerstad rett fram til dagleg leiar Rommetveit og tok fysisk tak i han.
– Eg blir så provosert at eg held på å sprekke, sa ho medan ho såg han djupt i augene.
Mange av bebuarane på Haramsøya blei sinte og fortvilte då det tidlegare i haust blei kjent at bygginga av vindturbinane kunne starte før klagesakene var ferdig behandla.
– Det provoserer inderleg
Om lag tretti personar frå den vesle øya hadde møtt fram for å markere motstanden mot vindkraftutbygginga. På Haramsøya skal det etter planen byggast åtte vindturbinar. Arbeidet skal starte i slutten av denne månaden. Haram vindkraftverk fekk konsesjon alt i 2008. Eit samrøystes kommunestyre har sagt at dei ikkje ønskjer vindkraftutbygging på Haramsfjellet.
– Det provoserer meg inderleg at de som er Østfold energi sitt selskap skal byggje ut naturområde som har stort naturmangfald med truga fugleartar nær eit naturreservat. Og de gjer dette utan å byggje i dykkar eige fylke først, tordna Kjerstad.
Gråt og sterke kjensler
Direkte vendt mot dagleg leiar Rommetveit sette så forsamlinga i gang med Arne Garborg sin salme «Gud signe Noregs land, kvar heim kvar dal og strand». Salmen er ei bøn om at Gud må ta vare på både fjell, dalar øyar og hav i Noreg. Under møtet var det folk som tok til tårene.
– Dette er kjensler, men vi må få lov til å formidle dette til deg som er leiar for dette selskapet, sa Kjerstad. Eg har kjempa mot vindturbinane sidan 2002. Eg er så opprørt over at vi no ser ut til å stå framfor ei utbygging, sa ho med gråten i halsen.
Folket på øya fryktar først og fremst at vindturbinane skal øydelegge for fuglelivet, med verdifulle artar som havørn, hubro og vandrefalk.
– Ikkje eit kjærleg klapp
Dagleg leiar i utbyggingsselskapet, Olav Rommetveit sto fjellstøtt mot veggen av protestar. Han la vekt på at selskapet har utvikla prosjektet i 21 år, at dei no har fått løyve til å byggje og at dei startar i oktober. NVE godkjende utbygginga i august i år.
Rommetveit medgjekk at han fekk tole at folket på øya nærmast gjekk i strupen på han.
– Dette var ikkje noko kjærleg klapp. Det var eit godt tak i skuldra. Men vi ønskjer å gjere folk her trygge på at dette kjem til å gå fint, seier han til NRK.
– Vi skjønar at folk her er uroa over korleis vindkraftverket skal påverke livet til dei som bur her. Og vi ønskjer å vere i dialog med folk. Vi har fått konsesjon til å byggje. NVE har godkjent planen. Vår plan er å starte bygginga no, seier Rommetveit.
Anleggsarbeidet skal etter planen ta til første oktober.