NVE stiller likevel krav om at det blir lagt til rette for seinare CO2-handtering på anlegget.
Konsesjonen er dermed stikk i strid med det regjeringa har lagt opp til, nemleg eit ultimat krav om CO2-reinsing ved kraftverket.
SFT støttar regjeringa
SFT er på linje med regjeringa og meiner at Miljøverndepartementet bør stille krav om CO2-handtering frå første dag ved det planlagde gasskraftverket på Tjeldbergodden.
I ei pressemelding skriv NVE at anlegget vil produsere omlag 7 TWh elektrisk kraft i året og dermed auke den norske kraftproduksjonen med om lag 5,8 prosent.
NVE gir samstundes Statnett konsesjon for bygging av ein 420 kV kraftleidning frå Tjeldbergodden til Trollheim i Surnadal.
– Store fordelar
NVE meiner gasskraftverket vil gi betydelege samfunnsmessige fordelar fordi det aukar kraftproduksjonen vesentleg og dermed styrkar forsyningstryggleiken både regionalt og nasjonalt. NVE legg også vekt på økonomiske ringverknader i regionen.
Møre og Romsdal har ein urovekkjande kraftsituasjon, skriv NVE i pressemeldinga. Utan gasskraft må det snarast byggast store kraftleidningar inn til regionen.
– Utsleppa må kompenserast
NVE meiner anlegget gir berre moderate negative miljøverknadene og at dei først og fremst er knytte til bygginga av kraftleidningen.
Ulempene er i fyrste rekkje auka utslepp av CO2 i Noreg, skriv NVE i pressemeldinga. Utsleppa frå anlegget vil svare til om lag 4,5 prosent av dagens utslepp, men sjølv om kraftverket blir bygd, må dei totale norske utsleppa av CO2 halda seg innanfor rammene av internasjonale klimaavtalar. Den venta auken i utslepp frå anlegget må difor bli kompensert av internasjonale kvotekjøp eller nasjonale tiltak, skriv NVE.
Høge kostnader ved CO2-handtering
Reinsing og bruk av CO2 i oljeutvinninga har særs høge kostnader, og NVE meiner at CO2-handtering ikkje vil vere samfunnsøkonomisk lønsamt for anlegget på Tjeldbergodden åleine.
NVE vil difor ikkje gi Statoil noko påbod om dette. I staden krev NVE at det blir lagt til rette for seinare CO2-handtering, heiter det i pressemeldinga.