Hopp til innhold

Geitebøndene fryktar dei ikkje får levere mjølka

– Det er ein splitt og hersk-politikk som vi ikkje syns noko om. Det seier geitebonde Petter Melchior i Norddal på Sunnmøre om forslaga frå landbruksministeren som kan bety at geitemjølka i framtida ikkje blir henta på gardane.

Petter Melchior

Geitebonde Petter Melchior manar til samhald mellom bønder mot signala i jordbruksmeldinga

Foto: privat

For det er overproduksjon av geitemjølk i Noreg og landbruksminister Jon Georg Dale vil ta geitemjølk ut av ordningane med marknadsregulering. Spesielt er plikta som Tine har til å hente geitemjølk på alle gardane eit problem og derfor blir det foreslått å fjerne mottaksplikta som Tine har på geitemjølk.

Petter Melchior driv med geit saman med kona Torunn Ljøen på Melchiorgarden i Norddal. Dei har ny stor fjøs frå 2010 med eit par hundre mjølkegeiter.

Geitebonden frå Norddal manar til solidaritet

– Eg trur det viktigaste for bøndene no, anten dei er mjølkeprodusentar på ku eller geit, å stå i lag og ta støyten saman så det ikkje går utover enkeltbruk, seier Melchior.

– Vi har hatt gode tider lenge no, seier geitebonden. Vi har gjennomført sanering og fornying av buskap og fått orden på sjukdomsproblematikk. Derfor skapar signala i jordbruksmeldinga stor uro i næringa.

Petter Melchio geitebonde

Geitebonde Petter Melchior seier signala frå landbruksministeren skaper uro.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Sjølv er Melchior blant dei heldige geitebøndene på Sunnmøre som soknar til Tine sitt meieri i Ørsta der det blir satsa stort på ost av geitemjølk. Men han tenkjer på alle geitebøndene rundt i grisgrendte strøk langt frå meieri som tek i mot geitemjølk. Han hevdar at omlegginga kan bety at dei ikkje får levert geitemjølka si og at det kan bety kroken på døra for mange.

– Vi er så få geitebønder at vi treng alle for å oppretthalde geitenæringa.

– No er mange geitebønder utrygge på om dei i framtida skal få levere varene sine. Det skjer etter at vi vore gjennom ei omfattande omstilling. Vi har fått lovnader på at vi, så lenge vi som geitebønder gjer jobben vår og får friskare dyr og betre mjølk, så skal vi få produkta våre ut på marknaden gjennom vårt Tine-system, seier Melchior.

Tine overraska

– Vi er overraska over at landbruksministeren foreslår å fjerne moglegheita for å drive marknadsregulering på geitemjølk.

Det er Tine sjølv som reagerer med undring på forslaga i jordbruksmeldinga.

Johnny Ødegård Tine-direktør

Tine-direktør Johnny Ødegård er overraska over forslaga.

Foto: Toto: Tine

Direktør for rådgiving og medlem i Tine, Johnny Ødegård, seier dette ikkje heng i hop.

– Vi konstaterer at marknaden på geitemjølk er i ubalanse, men så vil han fjerne verktøyet vi har for å korrigere, seier han.

Vil framleis hente geitemjølka

– Eg skjøner at mange geitebønder blir urolege over slike forslag, seier Tine-direktøren. Derfor vil Tine argumentere for å framleis kunne regulere marknaden på geitemjølk.

Og sjølv om det berre er rundt 300 geitebønder att i landet, så vil Tine halde fram med å hente mjølk på alle gardane.

– Vi har vedtektsfesta i eigne vedtekter at vi skal ta i mot mjølk frå alle våre medlemmer.

– Vi skal gjere det vi kan for å skape tryggleik, og geitebøndene skal vere trygge på at vi skal ta vare på mjølka deira, seier Johnny Ødegård.