NRK Meny
Normal

Geiranger 10-dobla folketalet 17. mai

Dei 200 fastbuande i turistperla Geiranger fekk vel 2000 cruisepassasjerar og mange andre på besøk 17. mai.

17.mai i Geiranger

Toget i Geiranger var stort i år. Her passerer det den gamle naustrekkja i turistbygda.

Foto: Terje Rusten

Nasjonaldagen kan knapt vere finare enn er i Geiranger i dag. Knall blå himmel, grøne lier og snødekte fjelltoppar er ramma om feiringa i den kjende fjordbygda.

– Det er ein fantastisk flott dag her inne. Det kan mest ikkje bli betre, seier Geir Gjørva som er ein av dei 200 fastbuande i bygda.

Pensjonærar ved aldersheimen Geiranger 17.mai

Bebuarane på aldersheimen i Geiranger følgjer med på 17. mai-feiringa. Frå v Perny Maråk, Annbjørg Gjørva, Oddrun Mølsæter og Petra Homlong Moen.

Foto: Terje Rusten

Tradisjonen tru

Tre cruiseskip ligg på Geirangerfjorden i dag. Det er MS Rotterdam, Deutschland og Expedition. Dei har til saman vel 2100 passasjerar med seg.

I tillegg ligg ei rekkje småbåtar ved kai, og mange besøkande har også teke inn på campingplassar, i hytter og på hotella.

Geiranger 17.mai

Geiranger var badet i solskinn.

Foto: Tipser

– Vi held oss til tradisjonane, slik at då toget var ferdig i føremiddag, var det rett til kyrkja for gudsteneste., seier Gjørva

Mange av dei besøkande og cruisepassasjerane slo seg i lag med bygdefolket i 17.mai-toget.

Dei små, norske flagga som var å få kjøpt i butikkane i Geiranger, fekk føter å gå på.

Mang ein turist kjøpte med seg flagg for å vere med på feiringa.

Geiranger 17.mai

Upåklageleg utsikt frå Geiranger og utover fjorden der cruiseskipa ligg. Her var det 17.mai-gudsteneste i føremiddag.

Foto: Geir Gjørva

No i ettermiddag held festen for nasjonaldagen fram på ungdomshuset Gildetun, med leikar, mat og moro, seier Geir Gjørva entusiastisk.