NRK Meny

Gatt ute resten av sesongen

Molde-ving Joshua Gatt (21) må opererast for kneskaden han pådrog seg mot Sarpsborg 08 i juni. Dermed går han glipp av både Gold Cup og eliteseriesesongen.

Joshua Gatt

Joshua Gatt er ute resten av sesongen. Ein smell i kneet er verre enn først antatt.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Artikkelen er flere år gammel.

I tillegg kan ei eventuell cupfinale og Champions League-spel ryke.

Joshua Gatt skade

Det medisinske apparatet i Molde gjorde eit forsøk på å teipe Joshua Gatt etter smellen mot Sarpsborg 08.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Alvorlegare enn trudd

Det var like før pause, 29. juni mot Sarpsborg 08 på Aker Stadion, at Joshua Gatt hinka av banen. Amerikanaren fekk seg ein smell i kneet 35 minutt ut i kampen, og etter forsøk på å teipe han måtte Gatt bytast ut.

No viser det seg at skaden er verre enn først antatt.

– Vi hadde våre bange aningar om at det kunne vere alvorleg, men dei (journ. anm. USA) ville gjerne sjå på han sjølv, seier Molde-manager Ole Gunnar Solskjær til klubben sin nettstad.

Gatt reiste nemleg til USA der han skulle delta i CONCACAF Gold Cup.

– Vidare undersøkingar i USA viste at han ikkje blir speleklar med det første. Mest truleg får han ikkje delta meir denne sesongen, fortel Solskjær.

Ole Gunnar Solskjær

Molde-manageren må klare seg utan Joshua Gatt. Samstundes har han nettopp handla fem nye spelarar.

Foto: Bertinussen, Rune Stoltz / NTB scanpix

– Blir operert av ekspertar

Gruppespelet i Gold Cup nærmar seg slutten, der siste kamp i dei innleiande rundane går i morgon. Etter planen kunne Joshua Gatt vore ein del av USA-troppen, saman med Mikkel Diskerud, som møtte Michael Barrantes sitt Costa Rica.

I staden blir det operasjon og rehabilitering for 21-åringen frå Michigan i USA.

– Han blir operert av ekspertar i USA. Det trur eg skjer i løpet av dei næraste 7–8 dagane. Vi har løpande dialog med det medisinske apparatet der, seier Solskjær.

Gatt kjem tilbake til Noreg og Molde etter ein periode med innleiande behandling etter operasjonen.

– Då vil «Johs» kome tilbake til Noreg for vidare opptrening, slår Molde-manageren fast.

(NRK/NTB)

Siste video/lyd

Mange geitebønder i landet vil ha den elektriske geiteklaven til Gjemnesbedrifta Nofence. Produksjonen pågår for fullt, men geiteklaven er enno ikkje godkjend. Gründerbedrifta treng beitesesongen 2017 for å gi Mattilsynet dokumentasjonen dei krev.
Dei fleste har meir enn nok med å SJÅ utfor kanten på den hundre meter høge Zakariasdammen i Tafjorden på Sunnmøre.
Men det finst folk som vil betale for å få seg ein luftig tur. Og frå neste veke av kan dei gjere akkurat dét...
Fiskesperra som skal redde den nasjonale lakseelva Driva, blir slakta av ekspertar på behandling av gyrosmitte. Miljødirektoratet er ansvarleg for prosjektet til seksti millionar kroner. Dei meiner det trengst berre små justeringar.