Etter overgangen til Molde før 2012-sesongen spelte Even Hovland seg raskt inn i førsteellevaren. Saman med Vegard Forren var dei ein uvanleg solid midtstopparduo i norsk fotball.
Likevel har tida i Molde blitt prega av skader.
For 8. august, i Champions League-kvalifisering mot Basel, gjekk det gale for 24-åringen frå Vadheim i Sogn. I duell med Marco Streller small det og Hovland tok seg til det venstre kneet. Korsbandet hadde roke.
Resten av fjorårssesongen forsvann ut vindauget for Hovland, og ikkje før i vår i år var han tilbake. Det var i 4. runde i år, mot gamleklubben Sogndal, at midtstopparen var tilbake i aksjon.
Sidan det har han starta kvar kamp. Det hadde ikkje sogningen trudd sjølv.
Skremmer Solskjær
– Det har gått overraskande bra så langt i år. Eg hadde ikkje forventa så mykje speletid som hittil, og kroppen følest fin og stadig betre, seier Hovland til NRK.
Mot Viking laurdag blei det eitt poeng etter 1-1 for Hovland og Molde. Etter kampen var Molde-manager Ole Gunnar Solskjær svært fornøgd med eleven i midtforsvaret.
– Det står éin ved sidan av meg her som byrjar å bli skremmande god, og han melder seg nok inn i landslagsdiskusjonen veldig, veldig snart, sa Solskjær, då NRK spurte kven som var dei heitaste salsobjekta i norsk fotball for tida.
Av eigne spelarar nemnde Solskjær keeper Ørjan Håskjold Nyland i tillegg til Hovland.
Saka held fram under bildet.
– Alt anna får bli bonus
Hovland tek imot litt skryt, men meiner sjølv at han må bli endå litt betre for å sikre landslagsplass.
– Det er sjølvsagt eit mål i framtida igjen, og det er viktig å stå på og gjere det godt på trening og i kamp. Så kanskje i framtida.
Per no står 24-åringen med tre A-landskampar for Noreg – alle under Drillo sin «ungdomsturné» til Thailand.
I tillegg til ein landslagsplass som bør vere rundt hjørnet, meiner Solskjær at Hovland for kan bli svært attraktiv for utanlandske klubbar.
– Eg gjer meg ingen tankar om slikt no. Eg er endeleg tilbake etter langt skadefråvær, og det viktigaste for meg er å fullføre sesongen og halde meg skadefri. Alt anna som skjer etter kvart får bli bonus, slår Hovland fast.
Kan bli superduo igjen
Få har forlate Molde i sommar, og Solskjær slår fast til NRK at dei ikkje har bod frå utlandet på nokon av spelarane no.
Inn har derimot Per Egil Flo, Tommy Høiland, Mats Møller Dæhli og Vegard Forren kome. Fredrik Guldbrandsen skal vere like om hjørnet. For Even Hovland betyr overgangane hardare kamp på midtstopparplass.
– Ja, det er knallhard kamp om plassane, og det er viktig. Det hevar nivået på trening og i kamp, meiner Hovland.
Han sjølv, Forren, Joona Toivio, Kristoffer Paulsen Vatshaug, Magnar Ødegård og Børre Steenslid er midtstopparane i klubben no. Sistnemnde er ute med skade.
– Vi kan spele med tre, spele med to og flytte éin på back eller opp på midten. Eg har mange gode å ta av, svarer Solskjær på spørsmål om luksusproblemet i forsvar. For kven som blir eit eventuelt midtstopparpar framover er ikkje klart.
Om superduoen i 2012, Forren/Hovland, blir ein realitet får tida vise.
– Det er mogleg. Vi må vise oss fram på trening, så får «sjefen sjølv» avgjere kven som skal spele, avsluttar Hovland.
- Les også: