Hopp til innhold

Ekornessjefen går på dagen

Administrerande direktør i Ekornes, Øyvind Tørlen, går på dagen på grunn av usemje om strategien.

Øyvind Tørlen

Øyvind Tørlen går på dagen.

Foto: Ekornes

I 2009 tok Øyvind Tørlen over som konsernsjef og administrerande direktør i landets største møbelverksemd, Ekornes. I dag går han av fordi det er ulikt syn på strategien for konsernet framover. Det kjem fram i ei børsmelding.

Nils-Fredrik Drabløs og Øyvind Tørlen

Nils- Fredrik Drabløs tar over som administrerande direktør fram til ein ny leiar vert tilsett

Foto: Ekornes ASA

Styreleiar Olav Kjell Holtan seier at Tørlen og styret over lengre tid har diskutert konsernet si framtid og at dei ikkje vert samde.

– Tørlen har difor valt å avslutte samarbeidet på en grei og ryddig måte, seier Holtan.

Han vil ikkje gå nærare inn på kva denne usemja handlar om, men kan avkrefte at det har noko med sal av verksemda å gjere.

Kven tok avgjerda om at Tørlen skulle slutte?

– Det var Tørlen og styret i fellesskap, seier Holtan.

Nils-Fredrik Drabløs, tidlegare administrerande direktør, er konstituert i stillinga fram til ny leiar vert tilsett. Arbeidet med å finne ny leiar startar omgåande.