Hopp til innhold

Går 27 mil med blemmer og gnagsår for favorittklubben

Kjetil Thorsen reknar med å gå ned fleire kilo når han denne veka går frå Trondheim til Kristiansund for å samle inn pengar.

Kjetil Thorsen

Han har allereie fått blemmer og gnagsår, og sov ikkje spesielt godt heller sist natt. Men han gir ikkje opp langmarsjen for å skaffe pengar til KBK.

Foto: privat

Helst vil han ha ein halv million i sikte når han passerer målstreken i Kristiansund komande søndag, men sikker er han ikkje.

Dei siste vekene har dagleg leiar Kjetil Thorsen gjort alt han kan for å skaffe merksemd og sponsorpengar til Kristiansund Ballklubb. Denne veka avsluttar han med å gå over 27 mil.

– Vi har ei viss erfaring med å gå på denne måten, men klarer likevel ikkje å eliminere all smerta. Det er kome nokre vassblemmer og gnagsår, men no har vi sju kilometer igjen av dagens etappe, då skal vi få ein god natts søvn, seier Thorsen til NRK Møre og Romsdal måndag ettermiddag.

Les også:

Har hoppa og meditert for klubben

KBK-supporterne "Uglan"

Supporterklubben 'Uglan' har lenge hatt trua på KBK, men aldri har dei vore nærare eliteserien enn akkurat no.

Foto: Roar Halten / NRK

Kristiansund BK er for første gong på full fart mot eliteserien, med 48 poeng og suveren førsteplass i 1. divisjon, etter sigeren søndag mot Levanger.

Men plasseringa frigjer ikkje klubben frå økonomiske utfordringar.

Thorsen har dei siste vekene kunne skryte av mellom anna isbading, skiskyting, yoga på Freikollen, hopping, stuping og grotteklatring. Alt for å få merksemd og dermed sponsorar til klubben i hjartet.

– Det tikkar inn pengar heile tida. Det er utruleg kor folk støttar opp, det er jo fordi ein er glad i KBK og ser at noko stort er i ferd med å skje, slår han fast.

Les også:

Supporterklubben til KBK trur på opprykk

Reknar med å gå ned fleire kilo

Thorsen skal bruke ei veke på turen mellom Trondheim og Kristiansund, det betyr om lag 35 kilometer dagleg for ein kropp som vanlegvis ikkje utset seg sjølv for slike utfordringar.

Vi passar på å få i oss nok næring, for vi må jo ha noko å styrke oss på. Men likevel går vi nok ned fire-fem kilo i løpet av veka, og dei som kjenner meg, veit at det har eg berre godt av, humrar han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL