NRK Meny
Normal

Supporterklubben til KBK trur på opprykk

Kristiansund Ballklubb toppar førstedivisjon etter ein suveren vårsesong. Også på tribunen er det gode tider, og stadig fleire kjem for å sjå kampane.

KBK-supporterne "Uglan"

Kristiansund Ballklubb leiar 1. divisjon når dei no tek sommarferie. Det får supporterklubben til å sjå lyst på framtida.

Foto: Roar Halten / NRK

– Det er mykje meir stemning på stadion og fleire som er med. Supporterklubben har omtrent auka frå kamp til kamp, seier leiar i supporterklubben til KBK, Uglan, Jarl Ivar Eriksen.

Søndag kveld vann Kristiansund BK 2–1 over Bryne på heimebane i Kristiansund. Rundt 2.100 hadde møtt opp for å få med seg den siste kampen i 1. divisjon før sommarferien.

– Også på heimekampane har det auka med supporterar. På dei siste fem kampane har det auka frå rundt 1.600 til over 2.000 så det er bra, seier Eriksen.

Trur på opprykk

Nordmøringane har vore i ustoppeleg form denne sesongen og leiar framleis 1. divisjon med fire poeng framfor opprykksfavoritt Sandefjord. I fjor var KBK med å kjempa om ein plass i Eliteserien og var berre få poeng unna direkte opprykk. Dei enda til slutt på 3. plass etter tap mot Ranheim i playoff-kampen.

Jarl Ivar Eriksen

Leiar i supporterklubben til KBK, Jarl Ivar Eriksen, har stor tru på opprykk.

– Det har vore framgang kvart einaste år. KBK har eigentleg vore ei suksesshistorie frå dag ein, men det er utruleg artig å vere så nær det store målet som ein er no, seier Eriksen.

Han har stor tru på at kristiansundarane kan spele i Eliteserien neste år.

– Ja, det trur eg. Det ville vere dumt å seie noko anna når ein ser kor vi ligg an så langt. det er stor optimisme, seier Eriksen.

Han skryter også mykje av KBK-trenar Christian Michelsen.

– Han har jo sjølv spelt i KBK og er frå Kristiansund. Det er fantastisk det han og resten av trenarteamet har fått til, seier supporterleiaren.

Laster innhold, vennligst vent..