Hopp til innhold

Fylkesmannen og Telenor kranglar

Det er full splid mellom Telenor og Fylkesmannen i Møre og Romsdal etter orkanen 1. juledag. Begge skuldar på kvarandre på kvifor informasjonen om skadane på telenettet ikkje kom ut.

Fylkesmannen
Foto: Roar Strøm / NRK

Fylkesmann Lodve Solholm gjekk til frontalangrep på Telenor i si oppsummering etter orkanen 1. juledag.

Fylkesmannen meiner Telenor ikkje gjorde nok for å reparere telenettet etter uvêret.

– Eg føler dei har vore for passive. Eg føler at dei ikkje har vore villig til å stå fram å seie at dette var for dårleg, og at noko må gjerast, seier Fylkesmannen Lodve Solholm.

Tre over strømlinja

Orkanen Dagmar gjorde store skader på både telenettet og straumnettet.

Foto: Roar Hauge-Nilsen

Skivebom meiner Telenor

Telenor er svært usamd med konklusjonen til Fylkesmannen, og seier at Telenor ikkje svikta under orkanen 1. juledag.

Telenor meiner derimot at Fylkesmannen kunne gjort meir for å få ut informasjon.

– Eg kjenner meg ikkje att i denne kritikken. Vi var i eit møte med Fylkesmannen og justisminister Grete Faremo den 28. desember. Her var det gjort greie for status i saka. Vi har hatt ein egen mann frå Telenor som har hatt kontakt med Fylkesmannen heile tida, seier dekningsdirektør i Telenor, Bjørn Amundsen.

Han skyt tilbake på Fylkesmannen, og meiner Møre og Romsdal burde gjort det same som Sogn og Fjordane. Å etablere kriseberedskap.

– Fylkeskommunen i Sogn og Fjordane etablerte kriseberedskap. Det gjorde ikkje Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Derfor trur eg at informasjonsflyten i Sogn og Fjordane var mykje betre enn i Møre og Romsdal, seier Amundsen.

Kriseberedskap ville ikkje endra på noko

Beredskapssjef hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Ketil Matvik Foldal er ikkje einig i at deira vurdering var feil.

– At vi valde å ikkje kalle inn ikkje kalle inn til eit stort møte der Telenor var til stades, var ei avgjersle etter ei totalvurdering av situasjonen. Vi meiner kontakta med aktørane som var involvert vart teke vare på med direkte kontakt, seier Foldal.

– Eg kan ikkje heilt sjå at innbyggarane i Møre og Romsdal hadde fått betre informasjon om vi hadde kalla Telenor inn til eit møte. Viss dei hadde noko å melde oss, kunne dei gitt informasjon gjennom den direkte kontakta vi hadde med dei, seier Foldal

.