Hopp til innhold

– Ser ut som eit katastrofeområde

Mange bygder i Møre og Romsdal er framleis utan straum og telefon måndag kveld. Hellesylt i Stranda er ei av bydene som er hardt råka.

Hellesylt Camping Dagmar

KAOS: Hellesylt Camping var lagt i ruinar.

Foto: Torbjørn Sylte

Hellesylt Camping, Dagmar

KNUST: Dei fleste vognene på Hellesylt Camping var skada, nokre heilt knust.

Foto: Torbjørn Sylte
Båt på land Stordal Dagmar

KREFTER: Det har vore store krefter i sving i Stordal.

Foto: Arild Pettersen / NRK
Bil knust i Stordal, Dagmar

RASERT: Mange har fått bilen sin rasert i natt.

Foto: Arild Pettersen / NRK
Hellesylt Camping Dagmar

KAOS: Dagmar har etterlatt seg eit kaos utan like på Hellesylt camping.

Foto: Arild Pettersen / NRK
Mjølkespreng, Stordal, Dagmar

SPRENG: Kua klarer ikkje lenger å halde på mjølka over eit døgn etter sist mjølking i Liabygda.

Foto: Arild Pettersen / NRK
Jon Geirmund Lied Dagmar

VENTA: Bonde Jon Geirmund Lied håper det er lenge til han får oppleve dette igjen.

Foto: Arild Pettersen / NRK
Charles Tøsse Dagmar

REDD: Charles Tøsse, ordførar i Stordal, var redd for at folk skulle bli skada i natt.

Foto: Arild Pettersen / NRK

Store skader

Det er ikkje råd å få telefonkontakt med folk på Hellesylt måndag kveld, men Torbjørn Sylte frå Stranda tok tidlegare i dag turen til bygda for å sjå korleis det står til på byggeplassen der dei held på å lage ny cruisekai.

– Eg har også ei campingvogn som står fast på Hellesylt camping, men ho er heldigvis no trygt vinterlagra, fortel Sylte til NRK.

Les også:

Ingen heile vogner

Byggeplassen til Sylte på Hellesylt såg fin ut, men resten av bygda er blitt hardt herja.

– Campingplassen såg ut som eit katastrofeområde. Der er ikkje ei einaste vogn som ikkje er skada. Vogner var slengt i alle fall 50 meter bortover. Det såg heilt forferdeleg ut, seier Torbjørn Sylte.

Og det er ikkje berre campingplassen som fekk merke naturkreftene.

– Vinden er hard der inne, men dette er heilt ekstremt. Hellesylt fekk seg ny kunstgrasbane i fjor. Men no var det ikkje meir kunstgras igjen. Det var skrella av og røska i hop som ein bylt, fortel han.

Mjølkespreng

I Liabygda i Stranda har dei også hatt store utfordringar etter «Dagmar» . I eit fjøs venta 15 kyr med mjølkespreng eit heilt døgn på å bli mjølka.

– Det gjekk 25-26 timar frå siste mjølking før vi fekk att straumen og kunne mjølke igjen. No får vi berre kome oss i rytme, og håpe det er lenge til neste gong det skjer, seier bonde Jon Geirmund Lied.

Knuste bilar

I nabokommunen Stordal har ordførar Charles Tøsse (H) og dei andre innbyggjarane hatt mykje å henge fingrane i.

– Eg var svært bekymra i natt. Her var folk ute og gjekk som vi måtte jage inn igjen, fortel Tøsse.

Og lista over skadar er lang etter orkanens herjingar. Vanylven er truleg ei av dei kommunane som er hardast råka. Der har dei færraste straum, og telefonnettet ligg nede.

NRK har vore i kontakt med folk på Rovde og i Syvde, og får opplyst at telefonstolpar og høgspentstolpar er raserte, og mange hus og bygningar har fått store skader.