Hopp til innhold

- Større krav til teleoperatørane

Direktør i Post- og teletilsynet, Torstein Olsen, påpeikar at dei kjem til å stille langt strengare krav til teleoperatørane.

Torstein Olsen

Direktør i Post- og teletilsynet, Torstein Olsen.

Foto: Post- og teletilsynet

– Når eg høyrer at ein kan leve utan straum og veg i eit døgn, men ikkje telefon, så er det ein vekkjar for oss. Det er ein ny type sårbarheit i samfunnet som vi må sjå på, seier Torstein Olsen, direktør Post- og teletilsynet.

Han var ein av dei som var med på møte då Stoltenberg besøkte Sogndal i dag.

Les òg:

– Ikkje nok med berre nødnettet

Olsen poengterte at nødnettet berre er kommunikasjonskanal mellom nødetatane.

– Vanlege folk får ikkje tilgang til nødetatane gjennom dette. Elles vil eg seie at i slike situasjonar er Post- og teletilsynet plassen å vende seg. Vi har kontaktpunkt, seier Olsen.

– Halvtime med "Det lyser i stille grender"

Frå Møre og Romsdal var mellom anna ordførar i Volda Arild Iversen med på møtet. Han fortalte om kor vanskeleg det var å få kontakt med mellom anna Telenor.

– Eg sat ein halvtime i telefonen og høyrte på "Det lyser i stille grender" for å så bli sett vidare", fortel Iversen.

Knut Sollid, regional informasjonssjef i Telenor

Knut Sollid, informasjonssjef i Telenor.

Foto: Telenor

– Kommunar som har ringt oss har ringt feil. Det er fylkesmannen som har beredskap og det er dit ein skal vende seg, og ikkje direkte til Telenor, seier Knut Sollid, informasjonssjef i Telenor.

Når det gjeld privatpersonar som prøvde å kome gjennom til kundeservice, beklagar Sollid at det var lange ventetider.

– Dessverre førte orkanen til at mange prøvde å nå oss, og då vart det urimeleg lange ventetider. Dette beklagar vi, naturlegvis.

Les òg:

– Ein vekkjar

Olsen i Post- og Teletilsynet seier dei gjorde førebuingar til ein situasjon som Dagmar i juni i fjor.

– Då ramla Telenor sitt mobilnett ut i lang tid på grunn av ein programmeringsfeil. Etter denne hendinga har vi fått i oppgåve frå departementet å analysere alle sårbarheita i mobilnettet, seier Olsen.

Les òg:

– For dårlege krav

Olsen legg til at han vart overraska over at utfallet etter Dagmar vart så stort.

– Krava til operatørane har vore for dårlege og det har vore for dårlege krav til reserveløysingar. Vi vil føreslå å krevje betre reserveløysingar. Det er utruleg å oppleve at basestasjonar i U-land er betre sikra enn basestasjonar i Norge, seier Olsen.

Han fortel at det vil bli utarbeidd ei rekkje forslag som vil bli levert departementet i slutten av neste veke. Tilsynet vil også bruke meir ressursar på tilsyn og nye typar øvingar.

– I tillegg ønskjer dei å gjere endringar i regelverket for operatørane, seier Olsen.