Hopp til innhold

- Eg synest vi takla det veldig bra

– Beredskapen fungerte godt under orkanen Dagmar. Det er nettselskapa sin eigen konklusjon.

Svein Rødal

Beredskapsansvarleg for kraftsituasjonen i Møre og Romsdal, Svein Rødal synest nettselskapa takla Dagmar bra.

Foto: Trond Vestre / NRK

Ei rekke nettselskap frå Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane samla seg i dag i Vestnes for å oppsummere korleis det har gått under og etter Dagmar.

Viktig med nok mannskap

Då orkanen slo til velta mellom anna mange tre over telefonlinjene. Då er det viktig å ha nok og riktig type mannskap tilgjengeleg er viktig. Oppryddingsarbeidet er krevjande og ein må tenkje på sikkerheita.

Rune Kipperberg

Rune Kipperberg i Tussa Nett.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Ikkje kven som helst kan gjere jobben. Det er kvaliteten og ikkje mengda som er viktig her, seier beredskapsansvarleg for kraftsituasjonen i Møre og Romsdal, Svein Rødal.

Kor viktig er det å få tak i nok folk, hurtig nok, i ein slik situasjon?

– Det er umåteleg viktig å få tak i eksterne ressursar. Vi fekk ein god respons frå Heimevernet som stilte på kort varsel og gav oss svært god hjelp, seier Rune Kipperberg i Tussa Nett.

Les òg:

– Takla det bra

Mange av innbyggjarane langs store delar av Vestlandet vart straum- og telefonlause etter uveret. Nokre i fleire dagar.

Les òg:

Nettselskapa synest dei takla situasjonen bra.

– Eg synest vi takla det veldig bra. Ein enorm innsats frå eigene tilsette, veldig god innsats frå dei vi har leigd inn. Dyktige folk frå heimevernet og dyktige entreprenørar vi har brukt, seier Rødal.

Kipperberg i Tussa Nett er einig.

– Ein skal vere forsiktig med sjølvskryt, men vi opplever at vår organisasjon har fungert, og at våre montørar har gjort ein svært god jobb.

Økonomiske konsekvensar i februar

Når det gjeld dei økonomiske konsekvensane, er det førebels for tidleg å seie noko om.

– No skal selskapa jobbe med dette fram til byrjinga av februar og då vil vi vite meir om tala rundt det økonomiske, seier Rødal.

Les òg: