NRK Meny
Normal

Fullt hus for Ragnar Ulstein

Det var stinn brakke då blandakoret Con Moto i Ulsteinvik heldt ønskekonsert for krigshelten Ragnar Ulstein (93) på Fredheim søndag.

Ragnar Ulstein og Con Moto

Ragnar Ulstein på scenekanten på Fredheim samla fullt lokale saman med blandakoret Con Moto i Ulsteinvik. Foto: ARNE FLATIN, NRK

Ragnar Ulstein, kjend frå Kompani Linge og mange bøker om krigen, var invitert inn av dirigent Svein Eiksund og Con Moto til å mimre tilbake til tida før han flykta frå Ulsteinvik til England under krigen, i 1941 som 21-åring.

Svein Eiksund

Svein Eiksund dirigent og pianist i Con Moto.

Foto: Arne Flatin / NRK

Aktiv songar

I ungdomsåra var Ragnar Ulstein sjølv ein aktiv songar mellom anna var han med i Ulstein mannskor med Karl Alme som dirigent, og Fredheim, midt i Ulsteinvik sentrum, var det store kulturhuset på den tida i bygda.

Han hadde mange kulturopplevingar i storstova i dette bygget før han som 21-åring forlet Noreg.

Ein tur over til Shetland under krigen som skulle ta 30 timar tok meir enn ei veke på grunn av problem med motoren på båten.

Fullt hus for Ragnar Ulstein og Con Moto

Fullt hus for Ragnar Ulstein og Con Moto på Fredheim.

Foto: Arne Flatin / NRK

Den snart 94 år gamle krigsveteranen og historikaren seier at han kjem frå ein familie der musikk og song var viktige ingrediensar.

Til konserten i Ulsteinvik søndag hadde han plukka ut songar som betydde noko spesielt for han då, og som enno gjer det. Og det var desse songane Con Moto framførde med Ragnar Ulstein like ved scenekanten, der han knytta kommentarar til fleire av songane.

Con Moto

Utsnitt av blandakoret Con Moto

Konserten varte i to timar, der den vitale 93-åringen fortalde små historier om åra han var ute. Frå London, frå Skottland, frå Bremanger om sabotasjeoppdraga dei hadde. Om julefeiring i 1944 i ei fjellbygd og om andre opplevingar. Ulike songar vart knytta til desse historiene og konserten vart avslutta med trampeklapp og blomseterutdeling frå ordførar Jan Berset.

Dei som var på konserten var i stor grad folk frå 60-90 år, og dei sette stor pris på det dei fekk høyre både frå scenekanten med Ragnar Ulstein og frå blandakoret på scena.

Fire lange år

Under krigen var Ragnar Ulstein mykje i Noreg for å drive sabotasje. Det vart lange fire år før han 16.mai 1945 var tilbake i Ulsteinvik, dagen før nasjonaldagen. Ein dag Ragnar har skildra som fantastisk. Etterpå reiste han til Oslo og det meste av livet har han budd i Ålesund.

Rundt 130 personar fekk for øvrig plass på konserten på Fredheim søndag, men det vert ein ny sjanse torsdag denne veka då den andre konserten skal avviklast.

Den fyrste song eg høyra fekk. Con Moto syng og Ragnar Ulstein fortel.

Ragnar Ulstein fortel om bombing i London under krigen og Con Moto syng Den fyrste song eg høyra fekk.