Hopp til innhold

Full serierunde i fylket

Molde og Aalesund skal kjempe om poeng, heider og ære i i Molde klokka 18.00. I 1. divisjon har Hødd og Kristiansund kvar si utfordring å bryne seg på.

Molde - Aalesund

Det kan bli nye duellar mellom AaFK sin Michael Barrantes og Molde sin Jo Inge Berget torsdag kveld.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Spenninga er stor før årets første storoppgjer i Møre og Romsdal, der Molde tek imot Aalesund.

Få, om ingen, hadde spådd at tabellsituasjonen skulle vere AaFK i toppen og Molde i botnen. AaFK ligg på delt andreplass, medan Molde ligg desidert sist.

Molde er i desperat poengnaud, og onsdag valde dei til og med å stenge siste trening før kamp.

– Han (journ.anm. Ole Gunnar Solskjær) har vel nokre hemmelege planar som han funderer på. Vi får sjå kva det blir til, sa AaFK-kaptein Jonatan Tollås Nation til NRK onsdag.

Solskjær sjølv sa at den stengte treninga var så Molde skulle få meir ro.

– Gutane er veldig klare til heimekamp og lokaloppgjer mot Aalesund, slo Molde-manageren fast.

Lars Arne Nilsen

Hødd-trenar Lars Arne Nilsen får prøve mannskapet mot Kongsvinger på Høddvoll.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Ei fin utfordring

På Søre Sunnmøre tek Hødd imot Kongsvinger. Blåtrøyene frå Ulsteinvik har fått ein svært fin seriestart, med tre sigrar på fire kampar.

Med éin kamp mindre spelt enn dei fleste andre har Hødd ni poeng. Med siger i den utsette Follo-kampen ville laget ha lege på tabelltoppen.

Torsdagens motstandar Kongsvinger har starta sesongen med to sigrar og to uavgjort.

– Kongsvinger står framleis utan tap i årets serie, og har som oss kome godt i gang med sesongen, fortel Hødd-trenar Lars Arne Nilsen til Hødd sine heimesider.

Dei har mellom anna slått Fredrikstad som Hødd tapte mot i første serierunde.

– Her får vi ei fin utfordring. Kongsvinger har mange gode spelarar og er eit lag vi har slite med å slå dei seinare åra, seier Nilsen.

Geir Bakke

Kristiansund og trenar Geir Bakke har opna 1. divisjon på flott vis. No ventar Mjøndalen borte.

Foto: Fridtjof Bjerkås

Trur det blir knalltøft

Tre av fire toppfotballag held seg innanfor fylkesgrensene, medan Kristiansund reiser til Mjøndalen.

KBK har, som Hødd, starta glimrande, og ligg på andreplass etter fem spelte kampar. Motstandar Mjøndalen ligg på 8. plass etter to sigrar, éin uavgjort og to tap.

– Dei var veldig gode i fjor, men ramla litt på slutten. Dei var med å kjempe om direkte opprykk, men hamna i kvalik der dei ikkje nådde opp, mimrar KBK-trenar Geir Bakke til Tidens Krav.

Kristiansund har framleis til gode å tape på bortebane, men Bakke er førebudd på ein svært tøff kamp.

– Mjøndalen er eit bra lag. Hardtarbeidande og målbevisste, med kontinuitet i trenarteam. Dette blir ein knalltøff bortekamp, meiner Bakke.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL