Medan Molde ligg på sisteplass på tabellen i eliteserien, har Aalesund hatt ein pangstart på sesongen og ligg på andreplass.
Klare til heimekamp
Solskjær trur eit engasjert publikum vil hjelpe Molde til å ta sin første siger i årets serie.
– Gutane er veldig klare til heimekamp og lokaloppgjer mot Aalesund, seier Solskjær.
Det blir alltid ekstra tenning i mannskapet og på tribunen når Molde får besøk av Aalesund på Aker Stadion.
– Det er alltid spesielle kampar mot Aalesund. Vi håper folk møter opp, slik at vi får støtte til gutane, seier Solskjær.
Han valde å stenge for presse og publikum i dag.
Men i Ålesund fekk pressa tilgang. Sjå video frå reporter Rune Hustad og fotograf Remi Sagen som intervjuar Jonathan Tollås Nation og AaFK-trenar Jan Jönsson her:
Vil snu trenden
Aalesund ligg på 2. plass på tabellen med sine 14 poeng og Molde på siste plass med to poeng. Likevel trur AaFK sin kaptein Jonatan Tollås Nation at tabellsituasjonen blir gløymt. Spesielt når det er rivaloppgjer.
– Molde har hatt eit godt tak på oss dei siste åra. Så det gjeld å snu trenden til vår fordel, seier Jonatan Tollås Nation.
Han fortel at det ikkje er noko betent mellom spelarane slik han ser det.
– På bana er det som å møte eit vanleg lag, men det at dei er regjerande meistrar gjer jo at vi er ekstra tente, seier Tollås.
Stengte treninga
Solskjær og laget hadde altså stengt trening onsdag for presse og publikum, for å konsentrere seg om morgondagens lokalderby.
– Han har vel nokon hemmelege planar som han funderer på da, vi får sjå kva det blir til i morgon, seier ein avslappa Tollås.