Hopp til innhold

Fryktar trafikkkaos i Geiranger

Eit ras ved dei verdsberømte Ørnesvingane i Geiranger gjer at vegvesenet stenger halve vegbana. Det betyr store utfordringar for turistbussane.

Buss fast i Geiranger

At bussar står fast i Geiranger er ikkje eit uvanleg syn. I år vert halve vegbana stengt i Ørnesvingen på grunn av ras.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Turistsesongen i Geiranger er så vidt i gang. Kvart einaste år dannar det seg store køar i Ørnevegen når store turistbussar, bubilar og personbilar skal besøke verdsarvområdet. I år kan kaoset bli endå større.

Sperrar vegen

11. mai gjekk det eit ras 60 meter nedanfor Ørnesvingen mellom Geiranger og Eisdal. Undersøkingar frå vegvesenets geolog og grunnboringar viser at det kan vere fare for større skader og vegvesenet sperrar difor halve vegen på ei 35 meter lang strekning. Denne løysinga vil halde fram til oktober når turistsesongen er omme.

– Vi ventar til etter turistsesongen med å utbetre vegen fordi utberinga krev at vi stenger store deler av vegen, seier Odd Einar Hjellen, prosjektleiar for drift Sunnmøre.

Han seier at trafikantane vil kunne oppleve kø og det blir spesielt utfordrande for bussar.

LES OGSÅ:

Store bussar

Hallgeir Greger

Hallgeir Greger driv limousinutleige og køyrer turistar til Geiranger. Han fryktar kaos i sommar.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Det kan Hallgeir Greger skrive under på. Han er tidlegare bussjåfør og driv no limousinutleige i området. Han seier det er ein kunst å manøvrere bussar gjennom Ørnesvingane.

– Spesielt er det vanskeleg for bussane som er over 14 meter. Dei tar all plass i svingane, seier Greger.

Han har opplevd mange gangar at bussar har hengt seg fast i enkelte av dei krappaste svingane. Då vert hjula ståande i laus lufta.

At den eine vegbana vert stengt heile turistsesongen, vil skape endå meir kaos enn vanleg, meiner Greger.

– Eg fryktar at enkelte dagar vil vegen bli heilt blokkert, seier Greger.

Created by InfoDispatcher

Sjå Statens vegvesens dronevideo av raset. Foto: Halgeir Dahle/Statens vegvesen

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL