Hopp til innhold

Fryktar skipskyrkjegard

Langs heile norskekysten ligg det skipsvrak som truar miljøet. I følge Miljøverndepartementet tek det tid å få eigarane til å fjerne miljøbombene.

Bilde av MK Vollert, som ligg på sjøbotnen på 13-14 meters djupn utanfor Tjørvåg.

– Det eg er redd for er det at Tjørvågane vert ein slik skipskyrkjegard til slutt.

Gerhard Johan Tjervåg og andre folk i Tjørvåg i Herøy på Sunnmøre er fornøgd med at kommunen endeleg kjem med pålegg til eigaren om å fjerne vraket MK Vollert frå sjøbotnen.

- Det er på tide at det vert gjort noko i denne saka. Det ligg fleire gamle båtar ved kaia der borte, seier Tjervåg og peikar. Han er redd for at fleire skal lide same skjebne som Vollert.

Vollert gjekk ned ikkje langt frå det gamle skipsverftet Smedvik for mange år sidan. Etter at eigarselskapet SO Fisk i Måløy (tidlegare Sildaskjær AS) har fått fleire varsel om pålegg er tålmodet borte hos kommunen.

Jon Rune Våge

Anleggs og driftsleiar i Herøy, Jon Rune Våge.

Foto: Arne Flatin / NRK

Anleggs og driftsleiar, Jon Rune Våge, i Herøy seier dei no vil gi eit pålegg om å fjerne vraket.

Tar lang tid

Gjennom lang tid har kommunen prøvd å få eigaren til å legge fram ein plan for korleis dei vile få fjerna Vollert, men saka har mildt sagt tatt lang tid. SO Fisk har fått utsett fristar fleire gonger, og no kjem altså kommunen med eit pålegg om at fartøyet skal fjernast.

Jon Rune Våge i kommunen seier til NRK at vraket ligg i eit naturreservat og at det er omsyn til miljøet som gjer at Vollert må vekk. Motoren i fartøyet inneheld truleg ei mindre mengd motorolje, i tillegg kan det vere noko diesel på tanken.

Styreleiar i SO Fisk, Roy Skår, har i eit brev til kommunen i august i fjor skrive at dei hadde sett i gang prosessen med å få inn prisar på heving og fjerning av fartøyet.

Han skreiv også at dei vil gjere det dei kan for å få ordna opp i saka. Den gongen ba SO Fisk om frist til mai i år, noko dei også fekk. Trass dette har ingenting skjedd og Herøy kommune håper no på fortgang i saka når det vert gitt eit pålegg.

Herøy kommune vil ha fjerna gammal skipsvrak.

Folk i Herøy fryktar at bygda vert ein skipskyrkjegard.

NRK har vore i kontakt med Kystverket som ikkje har ei fullstendig oversikt over alle fartøy som har gått ned langs kysten, men for nokre år sidan vart det laga ei liste over større skipsvrak ( meir enn 100 brutto registertonn).

Denne lista finn du her: www.regjeringen.no/nb/dep/jd/dok/nouer/2002/nou-2002-15/14.html

Ved gamle Smedvik i Tjørvåg ligg det fleire eldre fartøy.

Anlegget til North West Eiendom i Tjørvåg.

Foto: Arne Flatin / NRK