Hopp til innhold

Vil heve 140 år gammalt dampskip

Tveit Historielag i Kristiansand vil no heve ein av verdas eldste dampbåtar som ligg på botnen av Store Lungegårdsvann i Bergen. Dampskipet vart bygd i Kristiansand i 1874.

Topdal

DS Topdal er over 100 år og ligg på botnen av Store Lungegårdsvann i Bergen.

Foto: sjohistorie.no

– Vi snakkar om verdas eldste dampbåt med propell, ein båt som vart bygd i Kristiansand og som trafikkerte Tveit – Kristiansand i 20 år frå 1874, seier Birger Tvedt som er leiar i historielaget til Fædrelandsvennen.

Tidlegare i februar fortalde NRK om dykkarar som var nede på botnen av Store Lungegårdsvann i Bergen. Ein av dykkarane såg vraket av det over 100 år gamle dampskipet.

Skipet er eitt av dei eldste eksisterande norskbygde fartøya vi har her i landet.

Created by InfoDispatcher

VIDEO: Sjå video av dykket på botnen av Store Lungegårdsvann i Bergen tidlegare i februar.

Vil dumpe 50 000 lass med stein

– Det er veldig artig å kunne dykke ned til eit historisk skipsvrak. Vi har visst om vraket lenge, men trudde det var tapt, sa dykkar Jørgen Birkhaug til NRK.

Det viste seg at store deler av konstruksjonen på skroget framleis er intakt. Heile baugpartiet og midtskips med store delar av styrhuset står der framleis. Akterenden av vraket har derimot sokke ned i mudderet.

Skipet har ligge på 19 meters djupne i snart 70 år. No vil Jernbaneverket dumpe 50 000 lastebillass med tunnelstein i Store Lungegårdsvann.

– Historielaget har levert innvending. Samstundes føreset vi at Jernbaneverket finansierer heving av «Topdal», seier Tvedt i historielaget til avisa.

– Vil øydeleggje alle moglegheiter

Sjøfartsmuseet i Bergen har tidlegare frårådd å fylle att vatnet.

– Det vil øydeleggje alle moglegheiter ein har for å behalde det viktige kulturminnet, seier Amanuensis Arild Marøy Hansen ved Sjøfartsmuseet i Bergen.

Skipet gjekk ned i 1946.