Hopp til innhold

Fryktar at viktig gytefelt vil gå tapt

Både fiskarar og forskarar fryktar for konsekvensane av oljeleiting utanfor Mørekysten.

Sildefisk

Mørekysten er eit av dei viktigaste gyteområda for fleire fiskeslag. No fryktar fiskarar for konsekvensane dersom det blir oljeleiting i dette området.

Foto: Lise Åserud / Scanpix

I januar blei det klart at regjeringa har tildelt 75 utvinningsløyver til oljeselskapa, deriblant blokker utanfor Mørekysten som ligg ti kilometer unna land. Områda er kontroversielle fordi dei ligg midt i dei beste gyteområda for fleire fiskeslag. No fryktar både fiskarar og forskarar for kva som vil skje dersom det blir oljeleiting i desse områda.

– Ein bør ikkje tukle med dei viktigaste gytefelta, det kan få alvorlege konsekvensar, seier Olav Svein Einebærholm, som er kaptein på ringnotbåten «Vestbris».

Sildeflåten på Mørekysten fekk i år enorme fangstar. Men kapteinen fryktar for framtida dersom oljenæringa startar søk utanfor Mørekysten.

Redd folk ikkje forstår konsekvensane

Ein bestand på millionar av tonn med sild er svært viktig for både fisk i havet, og fugl og folk på land. Når fisken kvart år kjem til Mørekysten er det for å sikre framtidige gytebestandar. Og det er nettopp i dette området, på to blokker ti kilometer utanfor Smøla på Nordmøre, at regjeringa har gitt løyve til utvinning av olje.

Nils Roar Hareide

Nils Roar Hareide seier det kan få store konsekvensar dersom gyteområda blir forstyrra.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Nils Roar Hareide er dagleg leiar av Runde Miljøsenter på Sunnmøre. Han har fått med seg både fiskarar, forskarar og Miljødirektoratet i sin skepsis til planane om oljeutvinning. Han er redd mange ikkje forstår kor viktig dei millionane av tonn med egg som gytande fisk legg frå seg på havbotnen er for livet i havet.

– Dette er grunnleggande for økosystemet i havet. Brukar du eitt område, så påverkar det alle dei andre områda. Dersom fisken ikkje har gytefelta sine i orden, så blir det ingen fisk. Med den kunnskapen vi har i dag. er det einaste fornuftige å la det ligge, seier Hareide.

Mørebanken

Regjeringa har gitt løyve til utvinning av olje på to blokker ti kilometer utanfor Smøla på Nordmøre.

Foto: Alf Jørgen H. Tyssing / NRK

Fiskeriministeren er ikkje bekymra

Fiskeriminister Per Sandberg (Frp) trur derimot at det er uproblematisk at Olje- og energidepartementet har opna opp for oljeleiting på Mørekysten.

– Nei, eg er ikkje bekymra. Desse vurderingane har vi tatt i Noreg sidan 1970-talet og lykkast med det meste. Det blir ikkje gjennomført dersom det på noko tidspunkt blir ei konflikt, og ein ser at olje- eller gassnæringa blir til hinder for eller skader fiskeriet.

Per Sandberg

Fiskeriminister Per Sandberg (Frp) er ikkje bekymra for blokkene på Mørekysten.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Sandberg meiner at oljenæringa og fiskeindustrien har gått hand i hand i alle år. Han vektlegg at reguleringa av næringa sikrar at petroleumsaktivitet på norsk sokkel ikkje blir gjennomført med mindre det blir utført på ein forsvarleg måte.

– Vi sett ikkje i gang petroleumsaktivitet utan at vi varetek omsyn til miljø og sikkerheit, seier han.

Men både fiskaren og forskaren meiner derimot at oljenæringa no ikkje har tatt nødvendig omsyn til miljø og fiskeri når det gjeld området utanfor Mørekysten.

– Det er ingen andre stadar som har så mykje biologisk aktivitet, så mykje straum og som er så nært land, seier Nils Roar Hareide, dagleg leiar av Runde Miljøsenter.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL