Hopp til innhold

Frp trekker seg frå samarbeid

Frp hoppar av avtalen om samarbeid i fylkestinget. Dermed er det igjen usikkert kven som blir ny fylkesordførar i Møre og Romsdal.

Frank Sve

Fylkesleiar i Frp, Frank Sve, opplyser at dei trekker seg frå samarbeidet med Arbeidarpartiet. Dermed er det igjen uklart kven som får fylkesordførarvervet i Møre og Romsdal.

Foto: Trond Vestre / NRK

Det stadfesta fylkesleiar i Frp, Frank Sve, til NRK. Førre tysdag kom nyheita om at Tove-Lise Torve (Ap) ville bli fylkesordførar med støtte frå Frp, Miljøpartiet dei Grøne, Nordmørslista, Sunnmørslista, Uavhengig valliste for Sunnmøre og Pensjonistpartiet.

Men finteljing av stemmene viste derimot at avtalen likevel ikkje fekk fleirtal fordi pensjonistpartiet mista eit mandat til SV i fylkestinget. Det valtekniske samarbeidet hadde då 23 mandat og måtte ha 24 for å ha fleirtal. Det blei venta at SV og Raudt ville stemme blankt og at Torve difor uansett ville bli ny fylkesordførar.

Frank Sve

Ap, Frp, MDG, Nordmørslista, Sunnmørslista og Pensjonistpartiet inngjekk førre veke eit valteknisk samarbeid. Dette samarbeidet mista så fleirtalet etter finteljinga av stemmer.

Foto: Trond Vestre / NRK

– No har vi fått tydelege signal om at ikkje alle kjem til å stemme blankt likevel. Vi er difor ikkje sikra dei verva som vi var førespegla, og går difor ut av avtalen ettersom føresetnadane ikkje lenger gjeld, seier Sve. Dermed er det igjen uklart kven som får fylkesordførarvervet i Møre og Romsdal.

Sve seier at Frp kunne risikere å miste ein plass i fylkesutvalet, i tillegg til leiarposisjonen i samferdselsutvalet.

– Vi kan risikera å miste dei verva vi skulle ha, eller at det blir loddtrekning, og det er ikkje aktuelt. Vi kunne ende opp med å støtte Arbeidarpartiet utan å få noko tilbake, seier han.

Tove-Lise Torve

Tove-Lise Torve frå Arbeidarpartiet (til venstre) og Frank Sve frå Framstegspartiet (til høgre) på valnatta.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Ville ikkje støtte Frp

Det har vore mykje dramatikk rundt fylkesordførarvervet i Møre og Romsdal. Arbeidarpartiet og Senterpartiet møtast først til diskusjonar etter valet, men braut forhandlingane.

Yvonne Wold

Yvonne Wold (SV) gjekk ut og sa at partiet ikkje kunne støtte at Frp ville få posisjonar i fylkestinget.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Etter dette gjekk Høgre ut og nesten erklærte at Senterpartiet ville få det øvste leiarvervet i Møre og Romsdal, med støtte frå dei, KrF og Venstre. Det likte Ap og Frp dårleg og fekk med seg fem andre lister til å kuppe makta.

Før helga blei det klart at SV kom til å stemme blankt dersom Arbeidarpartiet og Senterpartiet ikkje kom tilbake til forhandlingsbordet i fylkestinget. Yvonne Wold i SV meinte at det først og fremst var Ap sitt ansvar å få i gang nye forhandlingar på raud-grøn side.

SV ville stemme blankt fordi partiet verken ville stemme på ein Høgre-sentrum allianse eller ein allianse der Frp var med. Wold gjekk også ut og sa at dei ikkje ville vere med på å bidra til at Frp, som var ein del av det valtekniske samarbeidet, ville få posisjonar i fylkestinget.

– Tilbake til forhandlingsbordet

Fylkesordførarkandidat Tove-Lise Torve (Ap) seier at dei no går tilbake til forhandlingsbordet med dei raud-grøne. Ho er ikkje er overraska over at Frp hoppa av den valtekniske avtalen, ettersom den ikkje lenger hadde fleirtal.

Tove-Lise Torve

Tove-Lise Torve (Ap) håper dei raud-grøne no kan finne ei løysing.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– No håper vi å finne tilbake til dei forhandlingane vi hadde valnatta, der vi hadde kome langt.

Torve beskriv den siste veka som ein «thriller».

– Det har nesten vore rart å vere ein del av eit slikt politisk spel, men vi håper at vi no kan finne ei god løysing.

– Viktig å få ro

Kristin Sørheim (Sp) seier at det ikkje er bra for fylket at det har vore så mykje rot rundt konstitueringa av ny fylkesordførar.

Kristin Sørheim

Kristin Sørheim (Sp) seier at det ikkje er bra at det har vore så mykje rot rundt fylkesordførarvervet.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Det viktige blir å få ro rundt dette og eit styringsdyktig fleirtal. Det er framleis mogleg, men det blir ikkje betre av at avtalar blir brotne. Vi burde alle ha gitt oss betre tid på valnatta, tenkt gjennom situasjonen og venta på det endelege valresultatet. Då hadde vi kanskje unngått noko av dette, seier ho.

– Kva løysing ser du for deg?

– Det veit eg ikkje. Men det er ikkje aktuelt for Senterpartiet å forhandle med Frp om fylkesordførarvervet, seier Sørheim.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL