– Det er sjokkerande. Sånne samarbeid kjem jo heilt ut av det blå, seier Helge Brandal.
Reaksjonane er sterke i grasrota etter at Arbeidarpartiet tysdag gjekk inn ein samarbeidsavtale med Framstegspartiet i fylkespolitikken i Møre og Romsdal.
– Om det hadde vore mogleg, ville eg trekt tilbake stemma mi. Det dei gjer blir rett og slett å halde folk for narr, seier den trufaste Ap-veljaren frå Hareid på Sunnmøre.
Han meiner det er svært problematisk at stemma hans til Ap gjekk med til å støtte parti og konstellasjonar han absolutt ikkje ville stemt på.
Ap OG Frp: Avstanden har vore stor, men dagen etter valet skreiv Tove Lise Torve og Frank Sve under på ein avtale.
Foto: Øyvind Sandnes / NRKFrustrerte veljarar
Dagen etter valet gjekk Arbeidarpartiet ut og presenterte eit valteknisk samarbeid med Framstegspartiet og fem småparti i fylkespolitikken i Møre og Romsdal. Ap får fylkesordførar og -varaordførar. Frp-toppen Frank Sve blir leiar i samferdselsutvalet.
– Dette vil nok føre til at færre går til stemmeurnene ved neste val, seier Helge Brandal. Som frustrert Ap-veljar har han skrive om dette på Facebook. Kommentarane er mange.
– Eg får også reaksjonar frå folk som ikkje tør å skrive eller seie noko om dette offentleg. Mange av dei er politikarar.
– Vanskeleg å kome unna Frp
– Eit slikt Ap-Frp-samarbeid er uvanleg, men ikkje eineståande. Ting skjer ofte på kryss og tvers i kommunepolitikken, seier politisk kommentator Magnus Takvam i NRK. Han viser til at Frp og Ap har samarbeidd i Sandnes.
– Eg forstår godt at veljarane reagerer. Men Framstegspartiet er eit stort parti i Møre og Romsdal. Dermed er dei vanskeleg for andre parti å halde dei unna, om dei vil ha makt og posisjonar.
EKSPERT: Magnus Takvam i NRK meiner det ikkje er rart at veljarane reagerer.
Foto: Hans Erik Weiby / NRKBompengar og miljø
Historia viser at det kan oppstå uvanlege konstellasjonar i kommunepolitikken. Men nokre samarbeidsopplegg provoserer meir enn andre.
Ved dette valet er det mange som reagerer i Stavanger på at bompengemotstandarane i FNB samarbeider med Miljøpartiet Dei Grøne.
GJEKK TIL URNENE: Mange stemte for å prøve å påverke politikken. No kjem reaksjonane på uvanlege og overraskande samarbeidsavtalar.
Foto: Roar Strøm / NRKDelte reaksjonar
I Møre og Romsdal skal Tove Lise Torve ifølge avtalen bli ny fylkesordførar for Arbeidarpartiet. Ho seier at reaksjonane er delte.
– Mange er fornøgde. Andre meiner vi ikkje skulle inngått ein valteknisk avtale med Framstegspartiet.
Fylkesleiar Per Vidar Kjølmoen i Møre og Romsdal Ap seier at han ikkje har hatt tid til å følge med i diskusjonen på nettet.
Kjølmoen vedgår at det sat langt inne for dei å inngå eit samarbeid med Frp.
Tvilte seg fram
– Vi kom i ein situasjon der vi var ekskluderte frå vidare forhandlingar med Sp, KrF og Venstre. Frp ville nok ha enda opp i posisjon uansett. Dermed tvilte vi oss fram til at dette gav oss best sjansar til å få gjennomført politikken vår.
UVANLEG: – Vi tvilte oss fram til avtalen, seier fylkesleiar Per Vidar Kjølmoen i Arbeidarpartiet. Ifølge avtalen blir han fylkesvaraordførar.
Foto: Øyvind Sandnes / NRK– Men det er vel spesielt og uvanleg? Og kanskje ikkje så populært blant veljarane?
– Vi hadde ikkje sett føre oss at dette skulle skje, seier Kjølmoen.
I avtalen står det at han skal bli ny fylkesvaraordførar i Møre og Romsdal.
Har stemt for siste gong?
Det som har skjedd ved dette valet kjem på sikt til å føre til eit demokratisk problem, meiner Ap-veljaren Helge Brandal. Han bur i bygda Brandal i Hareid kommune, der han sjølv har stått på Arbeidarpartiet si liste tidlegare.
TRUFAST VELJAR: Helge Brandal stemte på folk han hadde trua på. No føler han seg lurt.
Foto: Arne Flatin / NRK– Når taburettane blir fordelte i lukka rom, så er ikkje det bra. Eg er svært usikker på om eg kjem til å stemme ved neste val, seier Brandal. Han ser på nettet at han har mange med seg i frustrasjonen overfor personar han sjølv har stemt på.
Etter at avtalen mellom Ap, Frp og fem andre parti var underskriven har ting skjedd i Møre og Romsdal. Finteljinga førte til at Pensjonistpartiet rauk ut av fylkestinget. Dermed er det ikkje hundre prosent sikkert at realiteten blir slik Ap og Frp har lagt opp til.