Hopp til innhold

SV stemmer blankt utan Ap/Sp-semje

SV kjem til å stemme blankt dersom Arbeidarpartiet og Senterpartiet ikkje kjem tilbake til forhandlingsbordet i fylkestinget. Det stadfestar Yvonne Wold etter eit møte i SV sin nye fylkestingsgruppe med tre politikarar. Ap har valt å inngå eit valteknisk samarbeid der mellom anna Frp er med. Men dette har ikkje lenger fleirtal. Wold meiner det først og fremst er Arbeidarpartiet sitt ansvar å få i gang nye forhandlingar på raud-grøn side. SV stemmer blankt fordi partiet verken kan stemme på ein Høgre-sentrum allianse eller ein alllianse der Frp er med.

Yvonne Wold
Foto: Roar Halten / NRK