Hopp til innhold

– Vi må framleis kjempe for finansieringa av ferjefri E39

Politikarane på Vestlandet held oppe den intense politiske kampen for at ferjene på E39 bytast ut med bruer og tunnelar. Regjeringa har foreslått ferjefri E39. Men framleis er det kamp om pengar til prosjekta.

Ferjefri E39

STORE BRUER: Det er omfattande prosjekt som skal til for å gjere Vestlandet ferjefritt. Sjølv om vedtaket blir gjort, vil det framleis vere kamp for å få pengar til prosjekta.

Foto: Statens vegvesen/ Arne Jørgen Myhre

Regjeringa har gått inn for ei storslått satsing på ferjefri E39 på Vestlandet dei neste 20 åra. I dag møter Vestlandsrådet på Stortinget for å diskutere Nasjonal transportplan med transportkomiteen.

Jon Aasen

Jon Aasen, i spissen for Vestlandsrådet, møter transportkomiteen i dag.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

– Det er viktig at vi no er ei motvekt mot dei kritiske røystene som viser seg på andre sida av fjella, som kallar ferjefri E39 for ein ulønsam distriktspakke, seier Aasen.

Føler du at haldningane om at ferjefri E39 er ulønsam har nokon grobotn?

– Ja, det gjer eg, seier Aasen.

– Kan ikkje lene oss attende

Ferjefri E39 er eit prosjekt som skal gje ferjefritt samband frå Sørlandet, langs heile kysten av Vestlandet til Trondheim. Dette inneber spektakulære fjordkryssingar både i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

No har planane kome inn i forslaget til Nasjonal transportplan. Men kampen om ferjefri E39 er ikkje over, sjølv om det skulle bli fleirtal for dei viktigaste punkta i Nasjons transportplan. Kampen vil stå om å få pengar til prosjekta.

Vi må legge trykk på at det både skal løyvast pengar, og på at prosjekta skal gjennomførast i løpet av ein 20-årsperiode. Dersom vi lener oss attende, kjem dette ikkje til å vere gjennomført på 20 år. Og det er viktig at vi no ikkje kjem med alle andre slag prioriteringar i tillegg, seier Aasen.

– Fylkesvegane må oppgraderast

I forlaget til Nasjonal transportplan varsla regjeringa om at dei vil avvikle ordninga med rentekompensasjon for transporttiltak i fylka. Argumentasjonen for denne avviklinga er at regjeringa har foreslått ein auke i tilskotet til fylkesvegar. Avviklinga av ordninga skal også gje administrative innsparingar, ifølgje argumentasjonen til regjeringa i NTP.

I fylka er ein ikkje blide for denne avviklinga. Og saka kjem til å bli tema i samtalane som Vestlandsrådet skal ha i Stortinget i dag. l

– Ja. Rett og slett fordi det viser seg å vere behov for å ta att etterslepet på vedlikehaldet på vegane. Og oppgraderinga av vegane er ikkje godt nok finansiert, seier Aasen.