Hopp til innhold

No kan politiet ilegge folk omvendt valdsalarm

Frå og med måndag kan politiet gi personar omvendt valdsalarm før saka har vore oppe i retten.

Omvendt voldsalarm

LOVENDRING: Frå og med måndag kan politiet ilegge folk omvendt valdsalarm.

Foto: Politiets IT-tjeneste

– Vi er klar, absolutt. Men det skal nok gå seg litt til også, for det er no ei ny rolle vi får no, seier Bjørn Vandvik, avdelingsdirektør i Politidirektoratet (POD).

Fram til no har ilegging av omvendt voldsalarm skjedd i samband med ein dom, men no kan altså politiet gjere det - før saka har vore oppe i retten.

Vandvik seier at dei har hatt ein god og grundig prosess med alle politidistrikta, og at dei er godt førebudde til å vurdere sakene som måtte komme.

– Det er avtalt kven som gjer dette i politidistrikta, og vi har også passa på at vi har valdsalarm som er tilgjengeleg når det trengst, seier han.

Bjørn Vandvik, avdelingsdirektør i Politidirektoratet

Bjørn Vandvik, avdelingsdirektør i Politidirektoratet (POD) seier vi må rekne med auka pågang til både Nav og Helsedirektoratet etter at dei nye reglene har tredd i kraft.

Foto: Politiet

Forventar stor auke

Justisdepartementet forventar ein stor auke av folk som blir ilagde ein slik alarm. Med regelverket som har vore fram til no har rundt 20 personar blitt idømde omvendt valdsalarm årleg.

Med den nye lova har Justisdepartementet anslått at talet vil auke til rundt 200 personar.

– Har politiet kapasitet til å ta desse sakene?

– Dette er no veldig høgt prioriterte saker, så det må vi prioritere. Så veit vi no ikkje heilt akkurat korleis det blir, men vi skal ha kapasitet til å gjere det, seier Vandvik.

Valds- og trusselutsette personar kan bruke valdsalarm til å varsle politiet.

Når dei trykker på alarmknappen blir det sendt ut eit signal til politiet, som kan rykke ut til der dei er.

Omvendt valdsalarm er ei fotlenke som valdsutøvarar kan bli påkravde å gå med når dei blir dømde til kontaktforbod.


Den valdsdømde kan då ikkje ferdast innanfor område som er bestemt på førehand.

Kryssar fotlenka inn i eitt av desse områda blir politiet varsla. Dei kan følge rørslene til den valdsdømde i eit kart og rykke ut ved behov.

Med omvendt valdsalarm er det altså trusselutøvaren som må gå med elektronisk fotlenke.

Det betyr at personen kan måtte flytte, få behov for nye helsetenester og ikkje ha moglegheit til å møte på jobb.

Vandvik fortel at dette har vore ein del av førebuingane deira.

– Vi har hatt dialog med både Helsedirektoratet og Nav om at også desse etatene må rekne med noko auka pågang, og at sakene må behandlast mykje raskare, seier han.

– Dei må ta konsekvensar av handlingane sine

Politidistrikta er også førebudde på kva dei kan gjere med valdsutøverane som eventuelt må ha ny bustad.

Men politiinspektør Gunnar Fløystad i Vest politidistrikt, meiner dei også må ta ansvar sjølve.

– Men det er først og fremst dei som vel å bryte eit besøksforbod som bør ha ein plan for kva dei gjør. Dei må ta konsekvensar av handlingane sine, og no veit dei at risikoen for at dei kan bli pålagde å flytte er ganske stor, seier han.

Leiar for felles operativ enhet i Vest politidistrikt, Gunnar Fløystad

Gunnar Fløystad ved Vest politidistrikt.

Foto: NRK Vestland

John Ola Volden ved Trøndelag politidistrikt seier at dei har jobba hardt for å bli klare.

Men håpet er at dei skal sleppe å ta i bruk verkemiddelet.

– Når personar blir informerte om at brot på besøksforbod kan føre til omvendt valdsalarm, så håper vi det har en førebyggande effekt, seier han, men legg til at dei likevel forventar ein auke.

Elin Drønnen ved Møre og Romsdal politidistrikt forventar at det kjem til å bli ein auke i talet på dei som blir pålagde ein slik alarm, men ho trur det vil skje gradvis.

– Eg trur ikkje at ein skal forvente ein kraftig auke av omvendt valdsalarm over natta, seier ho.

Elin Drønnen

Elin Drønnen ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Spent på korleis det blir

Bjørn Vandvik i POD er tydeleg på at det ikkje er kriteria for omvendt valdsalarm som er endra.

Det som er nytt er at politiet kan gi ein person omvendt valdsalarm på dagen, så skal domstolen innan kort tid bestemme om personen skal fortsette å gå med han.

Vandsvik er spent på kor mange av sakene som kjem til å bli oppretthaldne i domstolen.

– Men vi skal i alle fall, så godt som mogleg, vurdere sakene i forhold til det som er grunngjevinga for lovendringa.