Hopp til innhold

Skam-Isak i ny kjærleikshistorie

Kvart år trekker det historiske spelet «Fru Guri av Edøy» på Nordmøre til seg kjende skodespelarar frå heile landet. I år speler Isak frå «Skam» ein av hovudrollene.

Tarjei Sandvik Moe

I Fru Guri av Edøy spelar Tarjei Sandvik Moe «Halvard» som ønskjer å gifte seg «Gjertrud» (Karianna Sommerro), men må kjempe for å få faren hennar si godkjenning.

Foto: Wigdis Wollan

I serien «Skam» blei kjærleiken mellom karakterane «Isak» og «Even» verdskjent. No er det ei anna kjærleikshistorie som utfordrar skodespelar Tarjei Sandvik Moe. Denne gongen som karakteren «Halvard» i spelet «Fru Guri av Edøy».

Tarjei Sandvik Moe

Tarjei Sandvik Moe fortel at han jobba mykje med å få til den rette Smøladialekta.

Foto: Wigdis Wollan

– Det blir ofte kjærleik på meg, seier han og ler.

– Halvard ønskjer å gifte seg med Hjertrud, som han er forelska i, men dei møter utfordringar. Så det blir litt dramatikk. Det er gøyare å spele teater enn å stå framfor ein skjerm. Det blir meir adrenalin og magi i augneblinken då.

Mange kjende på rollelista

Gurispelet er ei dikta forteljing som blei skriven til Edøy kyrkje sitt 800 års jubileum i 1989. I år er det 23. gongen at spelet blir arrangert på øya Smøla på Nordmøre. Dei siste vekene har Moe jobba hardt for å kome inn i rolla, noko han innrømmer har vore krevjande.

Gurispelet 2018

Fleire kjende skodespelarar står på rollelista når Gurispelet går av stabelen neste veke.

Foto: Wigdis Wollan

– Det vil nok ikkje høyrest ut som eg har budd på Smøla heile livet. Men eg har jobba mykje med å omsette manuset og å seie orda riktig. Omgivnadane gjer også at vi må spele stort, så dette er ei av dei største utfordringane eg har hatt.

Som mange historiske spel i Noreg er rollelista sett saman av lokale amatørar og profesjonelle skodespelarar. Likevel er det sjeldan at så mange kjende aktørar står på same scene under eit spel. På årets rolleliste står også Line Verndal, Nina Woxholtt og Hans-Erik Dyvik Husby.

Husby er ikkje i tvil om kvifor spelet på Smøla trekk til seg store namn.

– Reint fagleg så er dette eit tungt spel. Det har veldig lang fartstid og er utfordrande. Dermed blir det veldig spennande for skodespelarar og artistar å vere med på stykket.

Forelska i Smøla

Line Verndal har hatt rolla som Ingeborg av Solheim to gonger tidlegare, og fortel at ho har forelska seg i Gurispelet og omgivnadane rundt.

Line Verndal på Gurispelet

Dette er tredje gongen Line Verndal spelar Ingeborg av Solheim i Gurispelet.

Foto: Wigdis Wollan

– Eg gjer min del for å skryte av spelet og Smøla. Det er veldig kjekt å vere med på eit slikt spel, og du kan spele ut store kjensler. Folk liker det, så eg trur ikkje det er vanskeleg å få skodespelarar hit, seier ho.

Som å kome heim

For Hans-Erik Dyvik Husby, også kjent som «Hank von Helvete», har det å kome til Smøla vore som å kome heim.

Hans-Erik Dyvik Husby som Solve Skald

Hans-Erik Dyvik Husby spelar Solve Skald, ein omreisande historieforteljar.

Foto: Wigdis Wollan

– Eg er halvt kristiansundar så dette er heilt perfekt for meg, seier han lattermild.

Også Husby hadde høyrd mykje positivt om spelet før han sjølv blei spurt om å vere med. Han trur at dugnadsånda og entusiasmen til dei rundt 2000 fastbuande på øya er med på å gjere spelet så bra som det er.

– Det er veldig gøy og vi får lov til å delta i noko som er viktig for lokalsamfunnet. Dette er heilt klart Norges beste sommarjobb.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL