Hopp til innhold

Forventar minst 30 år med ferjesubsidiar

Fylkesordførar Jon Aasen blir svært skuffa om ikkje det blir minst 30 år med ferjeavløysingsmidlar i fylkesvegsamband.

Jon Aasen

Fylkesordførar Jon Aasen er spent på kva ferjeavløysingsordninga vil innebere.

Foto: Gunnar Sandvik / nrk

– Vi har klare forventningar til dei midla både når det gjeld storleik og tid, seier Aasen.

Jan Tore Sanner slår ut med armane på talarstolen

Jan Tore Sanner (H) har signalisert at ei ferjeavløysingsordning kjem i kommuneproposisjonen i mai.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Kommunalminister Jan Tore Sanner frå Høgre signaliserte på Høgrelandsmøtet i helga at ei ferjeavløysingsordning kjem i kommuneproposisjonen i mai.

Ordninga går ut på å avløyse ferjer på fylkesvegar, ved å heller byggje bru eller undersjøisk tunnel for pengane som elles ville gått til ferjedrift.

Pengane skal også kunne brukast til utbygging av fylkesvegane.

Fylkesordførar Jon Aasen er spent på kva ordninga vil innehalde.

– Sanner sa at regjeringa ville kome med ei avklaring om ferjemidla, men han sa ingenting om kva det ville innebere, seier han.

Minst 30 år

Fastlandsprosjekta på fylkesvegnettet står i kø i fylket vårt og ventar på kor lang tid og kor mykje dei kan få i subsidiar frå Staten når ferjene blir erstatta av bruer eller tunnelar.

Langfjorden, Talgsjøen, Storfjordsambandet, Rovdefjorden, Sande fastlandssamband, Kjerringsundet mellom Aukra og Midsund og Todalsfjordprosjektet og prioriterte Nordøyvegen er berre nokre av vegprosjekta her i fylket. Nordøyvegen vil binde saman fastlandet og øyene i Sandøy og Haram.

– Vi har gjort eit vedtak når det gjeld Nordøyvegen der vi hadde klare forventningar om minst 30 år med ferjesubsidiar, seier Aasen.

Ferjesubsidiar er pengar som Staten ville ha brukt på ferjedrifta, men som i staden blir brukt på det vegprosjektet som erstattar ferjene.

– Dette er ikkje ei sak som Stortinget er ueinig i. Dei forventar at regjeringa kjem med dette. Det store spørsmålet er tidsaspektet og om vi får 30 eller 40 år, seier Aasen.

– Vi blir skuffa for alt under 30 år, held han fram.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL