Hopp til innhold

– I verste fall kan Nordøyvegen bli forseinka

Det kom i dag ingen avklaring på ferjeavløysingsmidlar. Det er utsett til neste vår og kan vere i seinaste laget for Nordøyvegen.

Oddbjørn Vatne

Det kom ingen avklaring på om Nordøyvegen skal få ferjepengar til å finansiere sambandet.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Nordøyvegen

Etter planen skal arbeidet med Nordøyvegen starte i slutten av 2015.

Foto: NRK

Nordøyvegen skal gi fastlandssamband til 2900 menneske i Haram og Sandøy kommune. Det var på midten av 80-talet at planane om å knyte øyane saman kom. Prosjektet omfattar tre fjordkryssingar og vil koste rundt tre milliarder kroner. Sambandet er heilt avhengig av å få ferjeavløysingsmidlar. Det betyr at ein får ferjetilskot i minst 40 år ved byggjing av bru eller tunnel som erstattar ferje.

Kan bli forseinka

I statsbudsjettet som vart lagt fram i dag, kom det ingen avgjerd om fylkesvegnettet skal få ferjeavløysingsmidlar. Saka skal ikkje handsamast før neste vår.

I årevis har Oddbjørn Vatne (Sp) vore ein forkjempar for sambandet. I dag er han skuffa.

– I verste fall kan dette føre til forseinkingar, seier Vatne.

Kan ikkje gi opp

Prosjekteringa av Nordøyvegen er ferdig og det ligg no inne til kvalitetsikring. Samstundes har grunnen ved Lepsøyrevet vorte sjekka og ein jobbar med anbodsdokumenta, slik at ein er klar når Stortinget har vedteke prosjektet.

Heile tida har håper vore at arbeidet kan ta til i slutten av 2015.

– Ferjeavløysingsmidlar må på plass, men vi kan ikkje gi opp, seier Vatne.

Til Sunnmørsposten seier statssekretær Jon Georg Dale (Frp) i Samferdsledepartementet at ferjeavløysingsmidlane kan tre i kraft frå 2016, og at dette vil vere tidsnok for Nordøyvegen.

Det kom i dag ingen avklaring på ferjeavløysingsmidlar. Det er utsett til neste vår og kan vere i seinaste laget for Nordøyvegen.
NRK Møre og Romsdal gir deg alle detaljene fra regjeringens forslag til Statsbudsjett som gjelder Møre og Romsdal. Her får du oppdateringer i form av korte meldinger, artikler og en Nett-TV-sending.