Hopp til innhold

Forsvarer: – Dette er rein trakassering

Forsvararen til bussjåføren i Valldal-saka reagerer på at hans klient blei forsøkt varetektsfengsla på nytt like etter han blei frikjent for aktlaust drap.

Erling Flisnes

Forsvarar Erling Flisnes reagerer på at klienten hans vart forsøkt pågripen etter rettssaka.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Den ukrainske bussjåføren som var tiltalt etter dødsulykka i Valldal i juli blei fredag frikjent for aktlaust drap, men dømt til 30 dagars fengsel for uforsiktig køyring. Sjåføren har anka det sistnemnde.

På siste dag i rettssaka gjekk aktor Magnus Engh Juel med på forsvarar Erling Flisnes sitt krav å sleppe fri den ukrainske bussjåføren ved forkynninga av dommen. Det var fordi mannen allereie hadde sete i arrest sidan 1. august og dermed hadde sona mesteparten av den 120 dagars lange fengselsstraffa som aktor kravde under rettssaka. Men då sjåføren skulle sleppast fri fredag, gjekk ikkje alt som tenkt.

– Påtalemakta på Nordmøre hadde bestemt at han skulle arresterast igjen og eg fekk beskjed om at det var fastsett fengslingsmøte på måndag, noko som er i strid med rettsboka frå Sunnmøre tingrett. Han blei så nekta å forlate fengselet og pågripen av to fengselsbetjentar, seier Flisnes.

– Dette er rein trakassering

Norske lover seier at utanlandske borgarar som har akseptert ein dom, kan arresterast og fengslast med grunnlag i utlendingslova, medan dei ventar på å bli utvist frå Norge.

Men dette var det ikkje grunnlag for, så lenge dommen var anka, meiner Flisnes.

– Dette hadde ikkje påtalemakta på Nordmøre fått med seg. No er det ein god saksbehandlingsregel å undersøke korleis den tiltalte stiller seg til dommen ved forkynning. Han har ikkje noko anna ønske enn å kome seg heim til Ukraina og no når han endeleg blir sett fri, så prøvar dei å sette han i varetekt igjen, seier han.

Informasjon frå utlendingskontoret

Politiadvokat Kristin Stokke stadfestar at dei vedtok pågriping etter utlendingslova, men at dei fekk kontrabeskjed om at mannen hadde anka og dermed fall grunngjevinga bort.

– Burde de ikkje ha sjekka dette før pågriping?

– Som jourhavande må eg stole på den informasjonen eg får munnleg frå utlendingskontoret. Den informasjonen eg hadde då eg fatta beslutninga om pågriping, måtte eg forhalde meg til, seier Stokke.

Meiner klienten vart trakassert

Flisnes seier heile situasjonen er svært uheldig.

– Eg opplever dette som rein trakassering av min klient. Det er heilt uhøyrt. No har han allereie sete i fengsel på overtid, og hadde gledd seg til å no kunne reise heim til familien sin. Han burde vore spart for dette, seier Flisnes.

Kravet om fengsling blei seinare trekt tilbake, og den ukrainske bussjåføren skal no vere lauslaten. Politiadvokat Kristin Stokke har ingen kommentar til Flisnes sin påstand om trakassering.