Hopp til innhold

Tankar om einmannsambulanse sjokkerer folk i Geiranger

Turistbygda Geiranger kan få kraftig redusert ambulansetilbod. Folket er i sjokk og seier forslaget skakar dei langt inn i hjarterota.

Geiranger

Ambulansestasjonen i Geiranger kan få berre ein person på vakt utanom turistsesongen, dersom spareforslaget frå helseføretaket blir vedteke.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Titusen av cruiseturistar og andre tilreisande fyller bygda på sommarstid. No kjem det sterke reaksjonar på at ambulansen i Geiranger kan bli einmannsbetjent på vinteren, for å spare pengar.

– Vi treng dei hendene vi har. Vi må vere to personar i bilen, seier ambulansearbeidar Jonas Nyrønning på veg til neste oppdrag.

Midt i intervjuet med NRK blir Nyrønning og kollegaen i sjukebilen i Geiranger kalla ut på oppdrag.

Han meiner tankar om å ha berre éin person i ambulansen på vinterstid er som å gå tjue år tilbake i tid.

Ambulanse Geiranger

NEI TIL HALVERING: Brannfolka Inge Teigen og Jørgen Tveiterås har lita tru på at to ambulansearbeidarar skal bli til éin. Dei meiner at Kristoffer Hauge og Jonas Nyrønning i ambulansetenesta må halde fram som i dag.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Sterke reaksjonar

Det er ikkje berre ambulansearbeidarane som reagerer på forslaget. Innbyggjarane er sjokkerte.

Anette Møll bur i Geiranger, og seier at ambulansefolka har redda henne fleire gonger. I denne bygda er det lege berre éin dag i veka.

– Eg blir sjokkert. Det skakar meg langt inn i hjarterota. Eg blir rasande, seier ho.

Anette Møll

SJOKKERT: Anette Møll er rasande over forslaget om færre folk på jobb i Geiranger-ambulansen.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Brannfolk vil seie opp

Brannsjef Inge Teigen i Stranda reagerer på at verken han eller ordføraren har blitt orientert om forslaget om færre ambulansearbeidarar. Det er nemleg brannvesenet som skal kallast ut og assistere ein eventuell einmannsambulanse.

Teigen seier til NRK at mannskapa hans har gitt klar beskjed:

– Brannfolka i Geiranger seier opp stillingane sine om det blir nedskjeringar. Vi driv med brann og ulykker, og er ikkje interesserte i å involvere oss i helseberedskap, seier brannsjefen.

Inge Teigen, brannsjef i Stranda

VENTAR OPPSEIINGAR: Brannsjef Inge Teigen støttar mannskapa som vil legge ned arbeidet om det blir ambulansekutt.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Skred og isolasjon

Om sommaren har Geiranger meir enn 5000 besøkande for dag. Om vinteren er det 300 fastbuande i sunnmørsbygda, i tillegg til mange hotellgjestar.

Det er farlege fjell og svingete vegar. Men hovudutfordringa er rasfaren, som fleire gongar har ført til at innbyggarane har blitt isolerte frå resten av omverda.

For Helse Møre og Romsdal er utfordringa ei heilt anna. Dei skal spare millionar av kroner.

Nils Kvernmo

Nils Kvernmo har mange sparetiltak på gang i Helse Møre og Romsdal.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Det må vere mogleg å få lufte problemstillingar og diskutere, utan at det blir store konfliktsaker av det, seier Nils Kvernmo. Som fungerande administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal har han ansvaret for at helseføretaket sparar pengar.

Kvernmo hevdar at dei ikkje skal gjere endringar som gjer at det blir uforsvarleg for folk i Geiranger, men brannsjef Inge Teigen ber dei som skal bestemme tenke seg om.

– Det er ingen grunn til å forandre på ei ordning som fungerer så godt som i Geiranger, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL