Hopp til innhold

Forsikringsselskap ankar rekordutbetaling til vestnesmann

Tryg Forsikring ankar no dommen etter at ein vestnesmann blei tilkjent 11, 7 millionar kroner. Mannen blei kreftsjuk etter jobb i Nordsjøen på 80-talet.

Norges lover

Ein vestnesmann blei tidlegare i februar tilkjent nesten 12 millionar i Romsdal tingrett, etter å ha blitt sjuk på jobb i Nordsjøen. No blir dommen anka.

Foto: Wenche Lamo Hadland / NRK

Mannen som i dag er i 50-åra og bur i Vestnes, blei tidlegare i februar tilkjent ein av dei høgste erstatningsutbetalingane i historia etter ein yrkesskade. Mannen arbeidde fleire år i oljeindustrien, og fekk mellom anna kreft.

Tysdag ettermiddag stadfestar Tryg Forsikring at dei no ankar dommen til lagmannsretten.

Eg hadde sjølvsagt håpt at det var slutt, at det var over, men eg er ikkje så veldig overraska, seier mannen til NRK Møre og Romsdal. Han vil ikkje stå fram med namn og bilde og grunngir det med dei store påkjenningane saka har medført for han og familien.

Onsdag 1. mars var fristen for anke, og dagen før blei det altså kjent at det no blir ein ny rettsrunde.

Tryg meiner dommen var feil

Ole Irgens

Informasjonssjef Ole Irgens i Tryg Forsikring seier dei meiner dommen er feil, og no vil anke.

Foto: Tryg forsikring

I ei tekstmelding skriv informasjonssjef Ole Irgens at Tryg Forsikring meiner dommen er feil.

– Tryg forvaltar premiane til kundane våre og vi kan ikkje betale ut erstatning i denne storleiken når vi meiner dommen er feil, skriv forsikringsselskapet.

– Tryg forstår at ein anke kan opplevast som ei belastning for kravstillar, og det beklagar vi, skriv dei.

Utover dette vil ikkje forsikringsselskapet kommentere avgjerda.

Les også:

Vaska med kvikksølv

Mannen begynte å arbeide på plattform i Nordsjøen i 1980. Her arbeidde han mellom anna med reingjering av store tankar, og i vaskemidla var det stoff som benzen, kvikksølv og saltsyre.

I 1999 blei mannen alvorleg sjuk og fekk konstatert spiserørskreft. Dette medførte fleire store operasjonar, og han blei seinare heilt ufør.

Misfornøgd med forsikringsselskapet

Forsikringssaka har halde på i nesten ti år, og vestnesmannen har tidlegare karakterisert prosessen som absurd. Han meiner Tryg Forsikring bevisst har trenert saka og gått fram på ein kynisk måte.

Forsikringsselskapet kjenner seg ikkje igjen i påstandane, og no ankar dei altså til lagmannsretten.

Dermed blir det ein ny rettsrunde for vestnesmannen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL