Tilkjent 11,7 millionar etter kreftdiagnose

Ein vestnesmann i 50-åra er tilkjent til saman 11,7 millionar kroner i erstatning etter å ha fått kreft på jobb i oljeindustrien i 80-åra.

Norges lover

Ein mann i slutten av 50-åra får utbetalt over ti millionar kroner etter at Tryg Forsikring er dømd. Forsikringsselskapet har førebels ikkje bestemt om dei skal anke.

Foto: Wenche Lamo Hadland / NRK

Den tidlegare oljearbeidaren er tilkjent ein av dei høgste erstatningssummane som nokon gong er utbetalt i Noreg i ei yrkesskadesak.

Romsdal tingrett dømde nyleg forsikringsselskapet Tryg Forsikring til å betale ut over ti millionar kroner i erstatning for tapte inntekter.

Frå før har han fått utbetalt over 1,5 millionar kroner. Dermed får han totalt 11, 7 millionar kroner etter å ha blitt ufør som følgje av kreft. I tillegg får han dekt sakskostnadene sine på over 400 000 kroner.

– Det betyr enormt. Den som ikkje har gått gjennom ei slik sak veit ikkje kor store kostnader det er, seier mannen. Han ønskjer ikkje å stå fram med namn og bilde, og grunngir det med dei store påkjenningane saka har medført.

Vaska med kvikksølv

Romsdal tingrett

I retten kom det fram at mannen arbeidde med å reingjere tankar, og at det mellom anna var farlege stoff som benzen, kvikksølv og saltsyre i vaskemidla.

Foto: Øyvind Johan Heggstad

Vestnesmannen begynte å arbeide på plattform i Nordsjøen i 1980. Her arbeidde han mellom anna med reingjering av store tankar, og i vaskemidla var det stoff som benzen, kvikksølv og saltsyre.

I 1999 blei mannen alvorleg sjuk og fekk konstatert spiserørskreft. Dette medførte fleire store operasjonar.

Mannen fekk seinare også påvist eksem, og blei etter kvart heilt ufør.

– Eg skuldar ingen, eg kan ikkje heve at nokon bevisst har utsett meg for dei kjemikaliane som eg har vore utsett for, seier han.

Han måtte slutte i arbeidet sitt 42 år gamal og seier at han då gjekk gjennom ein sorgperiode fordi han treivst så godt.

Svært misfornøgd med forsikringsselskapet

Mannen seier saka har pågått i nesten ti år, og karakteriserer måten forsikringsselskapet har gått fram på som absurd.

Han seier difor at ein eventuell anke også vil medføre at han ber om erstatning for den måten han har blitt behandla på av selskapet.

– Det har vore ei bevisst trenering og uthaling og ein kynisk måte å opptre på. Dei har hatt alle slags dårlege orsakingar for at saka har tatt tid, alt frå dårleg kapasitet i skadeavdelinga til ferieavvikling og slikt, hevdar mannen.

Ole Irgens

Informasjonssjef Ole Irgens i Tryg Forsikring seier dei førebels ikkje har bestemt seg for om dei skal anke.

Foto: Tryg forsikring

Advokat Hasse Benberg, som representerer vestnesmannen, støttar framstillinga hans og seier saka har tatt uvanleg lang tid.

Tryg Forsikrings informasjonssjef Ole Irgens seier dei ikkje kjenner seg igjen i påstandane, men vil ikkje kommentere framstilling utover det. Han seier dei ikkje har bestemt seg for om dei skal anke.

Hevda dei ikkje skulle betale

Tryg Forsikring hevda i retten at mannen ikkje er påført noko tap som følgje av at han blei sjuk ute på plattforma. Dei viste til at han også hadde KOLS, og meinte det uansett ville tvinga han ut av arbeidslivet på eit tidleg tidspunkt.

No er Tryg Forsikring likevel dømd til å betale han for tapt arbeidsforteneste og sakskostnader.

Retten meiner ein trygt kan slå fast at årsaka til at den tidlegare oljearbeidaren slutta i Nordsjøen var kreftsjukdommen og hudplagene.

Dommen er førebels ikkje rettskraftig, og han som no har fått eit rekordstort erstatningbeløp fryktar ein anke.

Ja, det fryktar eg. Eg har vore heilt på botnen økonomisk i mange år, eg har måtte greie meg med veldig lite i ei årrekkje, seier han.