Hopp til innhold

Forretningsmannen som representerte Kristiansund på Eidsvoll

John Moses var ein av Kristiansund sine fremste forretningsmenn, og den einaste representanten frå Kristiansund på Eidsvoll i 1814.

Odd Williamsen

MINNESMERKE: I Kristiansund finn vi Moses plass og ein fire meter høg bauta etter eidsvollsmannen og Kristiansund sin einaste representant på Eidsvoll. Historikar Odd Williamsen fortel historia om John Moses.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

– Han vart valt som den fremste av sine likemenn. Det var berre éin som blei valt frå Kristiansund, og det var John Moses, seier historikar Odd Williamsen.

33 år gamal blei John Moses valt som Kristiansund sin representant på Eidsvoll. Moses var fødd i Noreg, men kom frå ein kjøpmannsfamilie av britisk opphav som hadde slått seg ned i Kristiansund i 1740 åra.

Men sjølv om han var fødd i Noreg, følte han seg britisk.

– Faren var frå Newcastle, og sjølv blei han sendt til ein onkel i England for å studere, så han følte seg britisk, seier Williamsen.

Kjempa for fri handel

På ei høgde ovanfor Kongens plass i Kristiansund finn vi Moses plass. Der står ein fire meter høg bauta til minne om eidsvollsmannen John Moses. Bautaen blei reist i samanheng med grunnlovsjubileet i 1914.

Moses hadde tillit i folket, og vart difor valt til å representere Kristiansund på Eidsvoll. På Eidsvoll slutta han seg til unionspartiet, og talte til fordel for ein politikk som skulle tene næringslivet.

Eidsvollsbygningen

EIDSVOLL: På Eidsvoll samla 112 menn seg frå heile Noreg for å forme ut Grunnlova.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Familien til Moses gjorde seg gjeldande innanfor handel, spesielt i eksport og import av fisk. Sjølv var han ein av dei fremste forretningsmennene i Kristiansund.

– Han var ekstremt opptatt av handel, spesielt fri handel mellom landa. Det var viktig for han å selje klippfisken sin, og få korn inn til Noreg, seier Williamsen.

Williamsen fortel vidare at dette synet var typisk for Kristiansund på den tida. Forretningsstanden i Kristiansund var skeptiske til Christian Fredriks sjølvstende, og deira høgste ønskje var å skape fred.

– For han var det ikkje så viktig med norsk sjølvstende og norsk konge, held han fram.

Det var ikkje uproblematisk å drive med handel på den tida. Spesielt under Napoleonskrigen som varte frå 1800 til 1815.

– Militæret øydela for skipsfarten. Ein kunne bli arrestert, eller få varene sine beslaglagt. Då blei skip og last selt ved andre hamner, seier Williamsen

Gjekk i gløymeboka

Til trass for at det blei reist minnesmerke etter John Moses i 1914, er det få som kjenner til historia hans i dag.

– Han var ei slags episode, og så forsvinn han frå Noreg etter møtet på Eidsvoll. Han deltok ikkje i politikken etter det, seier Williamsen.

Saka held fram etter bilete.

Grunnloven fra 1814

UNDERSKRIFT: Grunnlova frå 17. mai 1814, med underskrifter i raudt lakksegl frå dei 112 representantane.

Foto: Stortingsarkivet

Etter Eidsvoll gjekk reisa vidare til Frankrike der Moses starta reiarlag og byrja med handel.

– Moses var ein typisk representant for den vesle overklassa som eigde klippfiskindustrien alle jobba for, både på godt og vondt. På den måten var han nok ingen person å hylle, og minnet om han fasa difor ut, seier Williamsen.

Og på det ekstraordinære Stortinget i 1814, var det presten frå Averøya som blei valt i staden for Moses.

– Det ser ut til at vinden snur politisk, og Moses blir meir og meir gløymt. Presten hadde det motsette synet. Han stemte for norsk sjølvstende og var sterkt mot eit samarbeid med Sverige, seier Williamsen.

Først ved grunnlovsjubileet i 1914 blei eidsvollsmannen heidra, og fekk eit minnesmerke. Men sjølv den dag i dag er det få markeringar på Moses plass 17. mai.

– Det er det berre ein krans som blir lagt ned, og så går toget vidare. Hjå konkurrenten Wilhelm Frimann Koren Christie, er det derimot lange talar og feiring, seier historikaren.

Riksforsamlingen på Eidsvoll 1814