NRK Meny
Normal

Her sit den "ukjende" eidsvollmannen frå Sunnmøre

Har du aldri høyrt om eidsvollsmannen Elling Olsson Valbøe? I så fall er du ikkje åleine.

Eidsvoll 1814

RIKSFORSAMLINGA: Er det kanskje her Sunnmøre sin representant Elling Olsson Valbøe sit under riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814?

Foto: Wikimedia Commons

– Vi veit ikkje mykje om mannen Elling Olsson Valbøe. Det er berre folkeminnesamlar og lokalhistorikar Peder Fylling som har skrive noko om Valbøe, seier historieinteresserte Harald Kjølås.

ellingg

GRAVSTEIN: Ved Ørskog kyrkje kan ein finne det einaste minnesmerket etter eidsvollsmannen Elling Olsson Valbøe.

Foto: Harald Kjølås

Og i ettertid har det vist seg at Sunnmøre sin einaste representant på Eidsvoll i 1814, kanskje har gått litt i gløymeboka.

Ikkje har han fått gater kalla opp etter seg, og ikkje finst det store minnemarkeringar etter eidsvollsmannen.

Bonden ifrå Ørskog

For ved Ørskog kyrkje står det einaste tydelege minnesmerket etter eidsvollsmannen Valbøe.

Og nettopp der på kyrkjegarden i Sjøholt, står ei gravstøtte med skrifta «Eidsvollsmannen 1814 Elling Olsson Valbøe».

Og på den måten fekk han sin endelege kvilestad der det heile starta.

25. mars 1814 blei Valbøe valt fram som den fremste av sine likemenn nettopp i Ørskog kyrkje. Ei kyrkje han sjølv hadde bygd nokre år tidlegare.

Harald Kjølås

HISTORIKAR: Historieinteresserte Harald Kjølås kunne fortelje om historia til den nok så ukjende eidsvollsmannen Valbøe.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Fødd i 1763 på garden Valbøe i Ørskog prestegjeld vaks Valbøe opp til å bli ein mann med mange talent.

Gardbrukar, kyrkjeverje, forlikskommissær, og etter kvart bygningsmann og kyrkjebyggar.

Men ifølgje Kjølås var det andre talent som gjorde at han blei vald til å representere Sunnmøre på Eidsvoll.

– Eg trur dei personlege eigenskapane hans hadde mykje å seie. Han var ein stor og kraftfull person, som var flink å snakke for seg, og som hadde sterke meiningar. Og det var nok difor folk fekk tillit til han, seier Kjølås.

Også suksess i Molde

Etter valet i Ørskog gjekk turen vidare til Molde for den 51 år gamle bonden.

30. mars 1814 møtte 48 valmenn i Molde for å velje tre representantar frå landdistrikta i Romsdals amt (Møre og Romsdal) til Eidsvoll.

Der var kravet at minst ein av representantane skulle vere bonde, og valet fall på Elling Olsson Valbøe.

I Molde møtte han ein annan eidsvollsmann, Jens Stub, og dei to fekk eit nært forhold. Mest sannsynleg slo dei to følgje på den lange gåturen ned til Eidsvoll.

– Eg har ein teori om at dei to blei einige om kva dei skulle stemme i riksforsamlinga i løpet av den turen. I alle fall sat dei ved sida av kvarandre på riksforsamlinga, og dei stemte det same.

Motstandar eller støttespelar?

Men ulikt andre sunnmøringar, gjorde ikkje Valbøe så mykje ut av seg på Eidsvoll.

– Vi kan ikkje sjå at han har sagt noko i riksforsamlinga. Men ifølgje Fylling sa han mykje utanfor forsamlinga, seier Kjølås.

Eidsvollsbygningen

EIDSVOLL: På Eidsvoll samla 112 menn seg frå heile Noreg for å forme ut Grunnlova.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

– Fylling skriv blant anna at Valbøe var «svenskehatar», og sterkt imot eit samarbeid med Sverige, held han fram.

Vidare fortel Kjølås at Valbøe skal ha slått i bordet og protestert kraftig mot eit samarbeid med Sverige. Kjølås sjølv trur dette er tvilsamt.

– Det er nesten fysisk umogleg. For det første hadde ikkje dei bord i riksforsamlingssalen, seier Kjølås.

Og for det andre sat dei så trongt på smale benkar at noko store fakter kan det ikkje ha vore plass til. Så dersom han meinte det, så stemte han i alle fall motsett, held han fram.

Saka held fram etter bilete.

Grunnloven fra 1814

UNDERSKRIFT: Grunnlova frå 17. mai 1814, med underskrifter i raudt lakksegl frå dei 112 representantane.

Foto: Stortingsarkivet

Bakgrunnen for dei motstridane forklaringane kan vere mange. Kanskje har Fylling fått ei feil oppfatning, eller kanskje prøvde etterkomarane til Valbøe å framstille han som ein større svenskehatar enn han eigentleg var.

– I ettertid har valet hans vist seg å vere fornuftig. Men sjølvsagt: det å kome heim til Ørskog å seie at han støtta svenskane, kan ikkje ha vore lett, fortel Kjølås.

– Ei tid gjekk grensa mellom Sverige og Noreg gjennom Ørskogfjellet, så svenskane visste dei om og dei mislikte dei, held han fram.

Fekk fornya tillit

Likevel fekk Valbøe fornya støtte av borgarane i Ørskog, og i november 1814 blei han valt som utsending til eit ekstraordinært møte på Stortinget.

Og sjølv om det har vore lite spor etter eidsvollsmannen Elling Olsson Valbøe i ettertida, gjorde han seg sterkt gjeldande den tida han levde.

– Han stemte på Samlingspartiet, og det var jo dei som fekk «rett» til slutt, seier Kjølås.

– Og på det ekstraordinære møtet på Stortinget greidde dei å forhandle fram ei forbetring av grunnlova slik at vi fekk sjølvstende i forhold til Sverige, held han fram.

Elling O. Valbøe

GRAVSTEIN: Ved Ørskog kyrkje kan ein finne det einaste minnesmerket etter eidsvollsmannen Elling Olsson Valbøe.

Foto: Harald Kjølås